Kleiva (Fedje gnr 169 bnr 57)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kleiva
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 57
Adresse: Mulevegen 103

Kleiva er ein tidlegare husmannsplass, seinare småbruk, i Fedje kommune.

1. Halvor Klementsen f. 1808 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-13b) d. 1882 g.2.g. 1861 m. Marta Mikkelsd f. 1825 Mulen (4c) d. 1889. Plassfolk utan jord under Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 frå giftarmålet. Halvor var enkjemann etter Brita Olsd f. 1806 d. 1849, dei budde på Moldøyna (gnr 170 bnr 2-14). Han var fiskar. Han og Marta hadde 2 sauer i 1875.

Born: a. Bernt Halvorsen f. 1862 d. 1924, neste brukar (2). b. Mikkel Halvorsen f. 1865 d. 1867 (drukna i sjøen).

2. Bernt Halvorsen f. 1862 på dette bruket (1a) d. 1924 g. 1886 m. Anna Bergesd f. 1860 Villanger, Radøy d. 1949 (jf Radøyb. I s 306, dotter av Berge Amundsen f. 1838 og Gunvor Amundsd f. 1833, ho hadde søstera Marta Amundsd Hella, Radøy f. 1822, som var oldemor til Einar Villanger, Grenda gnr 168 bnr 158). Dei flytta huset dit det står no, før låg det i svingen utover til Træsneset. Bernt var fiskar.

Born: a. Gabriel Mikal Berntsen f. 1888 d. 1976, neste brukar (3). b. Haldor Berntsen f. 1889 d. 3 veker gl. c. Herman Berntsen f. 1890 d. 2 veker gl. d. Bertin Berntsen f. 1892 d. 2 veker gl. e. Andreas Berntsen f. 1893 d. 1981 g. 1916 m. Anna Maria Thomasd f. 1893 Hesteneset (gnr 169 bnr 4-2a) d. 1957, brukarar der (3). f. Anton Bertin Berntsen f. 1896 d. 1977 g. 1919 m. Bertha Gudmundsd f. 1896 Kopper (gnr 168 bnr 37-1b) d. 1995, budde der (2). g. Herman Berntsen f. 1898 d. 1905 (difteri).

3. Gabriel Berntsen Sulen f. 1888 på dette bruket (2a) d. 1976 g. 1919 m. Marianne Ivarsd Myklebust f. 1892 Hyllestad i Sogn d. 1967. Marianne var søster til Otilie Uthaug (gnr 168 bnr 20-10) og Cecilie Ophaug (Kopper gnr 168 bnr 294-1), sjå der og Hyllestadb. I s 78. Gabriel var i Seattle, USA på lakse- og kveitefiske frå 1908, så reiste han på seglskute. Etter giftarmålet var han fiskar. Tomta vart frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 i 1949, skøyte same året til Gabriel.

Born: a. Georg Matias Sulen f. 1920 d. 2015 g. 1948 m. Margit Husa f. 1922 (gnr 168 bnr 7-18c) d. 2017, busette der (gnr 168 bnr 172). b. Amanda Sulen f. 1923 d. 2009 g. 1947 m. Fritjof Mongstad f. 1923 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3f) d. 2009, busette i Smineset (gnr 169 bnr 37-2). c. Inga Andrine Sulen f. 1927 d. 2006, neste eigar (4).

4. Inga Sulen f. 1927 på dette bruket (3c) d. 2006, ugift, arb. Kløverfabrikken, bustad Bergen, fekk skøyte i 1957 av foreldra.

5. Aud Mongstad f. 1948 Smineset (gnr 169 bnr 37-2a, dotter til 3b) d. 2007 g. 1966 m. Magnar Uthaug f. 1947 (gnr 168 bnr 64-2c), dei budde på Svena (gnr 168 bnr 234-1). Skøyte på bnr 57 i 2006. Magnar flytta sidan hit. Nytt naust vart bygd i 2019 på tomt bnr 175, frådelt gnr 169 bnr 66 i 2010, skøyte same året.


Fedje komm.svg Kleiva (Fedje gnr 169 bnr 57) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nyborg (Fedje gnr 169 bnr 56) • Neste bolk: Myrtun (Fedje gnr 169 bnr 64)