Neset og Smineset (Fedje gnr 169 bnr 66)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Neset (Fedje gnr 169 bnr 66)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Neset og Smineset
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 66

Neset og Smineset er eit småbruk i Fedje kommune.

1. Arnold Kahrs f. 1907 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4d) d. 1971 g. 1953 m. Borghild Walderhaug f. 1921 Langedal (gnr 169 bnr 22-1b) d. 2007. Innmarka til Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 vart delt med broren Hans i 1952, og Arnold fekk skøyte på nytt bnr 66 same året. Utmarka er i felleseige med gnr 169 bnr 1. Huset vart bygd i 1952. Arnold var fiskar, etter krigen losbåtførar. Han førte posten til Holmengrå fyr. Dei hadde to kyr til om lag 1960, og sauer.

Born: a. Arnold Ove Kahrs f. 1953 g. 1978 m. Solbjørg Blomvågnes f. 1956 Øygarden, bygde på frådelt tomt gnr 169 bnr 118. b. Ingard Kåre Kahrs f. 1956, sjå Sulo gnr 169 bnr 42-2 og gnr 169 bnr 65-3, samt nr 2. c. Gerd Lise Kahrs f. 1959 g. 1993 m. Øyvind Knutsen f. 1955 Lyngdal, Vest-Agder, bustad Sandnes. Sjå gnr 169 bnr 151, som er tomta med huset.

Borghild reiste til England i 1941, og arb. på County sjømannshotell i London, g.1.g. 1942 m. Erling Rosé Walderhaug f. 1921 Vardø d. 1942. Han var i den norske handelsflåten, og omkom under krigen. Som enkje flytta Borghild til Buckie i Skottland, sonen vart fødd i Banff 3 md etter farens død. Etter krigen budde dei i Langedalen til ho vart oppattgift.

«Erlingane», frå venstre Erling Walderhaug og Erling Kleppe.

Barn: d. Erling Bjarne Rosé Walderhaug f. 1942 g. 1965 m. Ellinor Mikkelsen f. 1944 Arna i Bergen, bygde på frådelt tomt gnr 169 bnr 101.

2. Ingard Kahrs f. 1956 på dette bruket (1b) fekk skøyte i 2002 på gnr 169 bnr 66, som omfattar jorda, to uthus og eit naust.

Fedje komm.svg Neset og Smineset (Fedje gnr 169 bnr 66) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kahrsneset (Fedje gnr 169 bnr 65) • Neste bolk: Fredheim (Fedje gnr 169 bnr 67)