Solbakken (Fedje gnr 169 bnr 42)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 42
Adresse: Vidnappsvegen 23

Solbakken er ein fritidseigedom i Fedje kommune.

1. Bernhard Bårdsen f. 1913 Sulo (gnr 169 bnr 44-2b) d. 1986, bygningsmann, g. 1942 m. Julie Bergitte Fivelsdal f. 1915 Gulen d. 1990 (sjå Gulenb. II s 525). Julie var søster til Olga Husa (gnr 169 bnr 6-6). Skøyte på tomt frådelt gnr 169 bnr 15 i 1945. Huset vart bygd i 1950. Dei flytta til Bergen i 1967. Huset vart deretter brukt til feriebustad.

Born: a. Inga Berit Bårdsen f. 1943, heimehjelp, g. 1964 m. Torleiv Asbjørn Breidvik f. 1941 Brekke i Gulen d. 2021, landpostbod, busette der på Lovisendal (sjå Brekkeb./2003 s 417). b. Oddlaug Bjørg Bårdsen f. 1947, aktivitør, g. 1967 m. Trygve Breidvik f. 1940 Brekke i Gulen d. 2004, elektrikar, bustad Leirvik i Hyllestad, Sogn (jf Hyllestadb. II s 521). c. Aslaug Bjarnhild Bårdsen f. 1950, hjelpepleiar, g. 1980 m. Odd Arvid Amundsen f. 1951 Bergen, entreprenør, busette der. d. Svanhild Johanne Bårdsen f. 1951, kjøkkenassistent, g. 1975 m. Yngve Vatle f. 1949 Arna i Bergen, salssjef, bustad Bergen.

2. Ingard Kahrs f. 1956 Neset, Sulo (gnr 169 bnr 66-1b) g. 1981 m. Else Torhill Olsen f. 1955 Bergen, bokbindar, barnehageassistent. Skøyte her i 1987. Ekteskapet oppløyst, ho vart eineeigar i 2003. Han flytta til Kahrsneset, Sulo gnr 169 bnr 65-3.


Fedje komm.svg Solbakken (Fedje gnr 169 bnr 42) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fagerheim (Fedje gnr 169 bnr 41) • Neste bolk: Einartun (Fedje gnr 169 bnr 43)