Einartun (Fedje gnr 169 bnr 43)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Einartun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 43
Adresse: Mulevegen 96

Einartun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Einar Eilertsen f. 1915 Smineset (gnr 169 bnr 19-3a) d. 1970 g. 1952 m. Solveig Johanne Steinsøy f. 1912 Solund d. 2006 (sjå Solundb. II s 524), arb. Bjelland i 25 år. Tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 i 1945. Huset vart bygd i 1953. Einar var sjømann og fiskar. Han var med i kampane mot tyskarane i Bagn i Valdres i april 1940.

Barn: a. Eilif Sveinung Eilertsen f. 1958, rekneskapsførar, samb.m. Lisbeth Margrete Ulvesæter f. 1963 Nevlunghamn, Larvik d. 2008. Eilef fekk skøyte frå mora på eigedomen i 1979, men selde den same året til nr 2. Han og mora flytta til Bergen i 1980, der han kjøpte hus med husvære også for henne.

2. Arvid Husa f. 1947 (Husa gnr 168 bnr 111-1a, sjå der) d. 2022 fekk skøyte i 1979.

3. Eva Karin Dreyer Aasen f. 1941 Bergen d. 2014 g. 1973 m. Odd Henjum f. 1943 Ålesund, bustad Bergen, fekk skøyte i 1981. Ekteskapet oppløyst, hennar bustad Søgne og hans Lillehammer, sidan Gislaved i Sverige, så Spydeberg i Indre Østfold kommune.

4. Trond Moldskred f. 1945 Bergen g. 1967 m. Else Irene Langenes f. 1946 Arna i Bergen d. 1997 (jf Hausb. III s 218), begge juristar, bustad Bergen, fekk skøyte i 1982. Huset vert brukt som feriebustad. Naust vart bygd i 2017.

Born: a. Terje Moldskred f. 1968 samb.m. Eva Steinsvik f. 1966, bustad Bergen. b. Nina Moldskred f. 1971, bustad Fana i Bergen, sjå Grenda gnr 168 bnr 158-2. c. Kari Moldskred f. 1973, neste eigar (5).

5. Kari Moldskred f. 1973 Bergen (jf 4a) g. 1994 m. Odd Magne Sekkingstad f. 1970, busette Fana i Bergen. Skøyte i 2010. Ekteskapet oppløyst. Ho vart eineeigar i 2020.

Born: a. Elisabet Moldskred Sekkingstad f. 1993, bustad Fana. b. Grete Sekkingstad f. 1995, bustad Bergen. c. Ingrid Moldskred Sekkingstad f. 1997, bustad Søfteland i Os, Bjørnafjorden kommune.


Fedje komm.svg Einartun (Fedje gnr 169 bnr 43) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solbakken (Fedje gnr 169 bnr 42) • Neste bolk: Brunes (Fedje gnr 169 bnr 44)