Kalvedalen 3 (Fedje gnr 168 bnr 415)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kalvedalen 3
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 415
Adresse: Kalvedalen 3

Kalvedalen 3 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Steinar Moldøen f. 1965 Svena (gnr 170 bnr 15-1e), vedlikehaldsarb., vaktmeister, g. 1989 m. Britt Kristi Johnsen f. 1965 frå Båtsfjord og Øygarden, fiskeindustriarb., budde først i Øygarden. Dette er tomta med våningshuset til gnr 168 bnr 5, sjå nr 19 der. Den vart frådelt i 1999, skøyte same året. Familien flytta til Arboga i Sverige i 2005. Ekteskapet oppløyst, hans bustad Örebro og hennar Oscarshamn.

Born: a. Christian Moldøen f. 1985, tømrar, samb.m. Therese Kongshavn f. 1987 Bergen, bustad Os i Bjørnafjorden kommune. b. Heidi Moldøen f. 1987, butikkmedarbeidar, samb.m. Anders Moldøen f. 1985 Fusa, sjå Husøyna (gnr 168 bnr 204-4a), bustad Os i Bjørnafjorden kommune. c. Celine Moldøen f. 1996, bustad Arboga. d. Rebecca Theresa Moldøen f. 2000, bustad Örebro.

2. Macdonald Ewen Ratcliffe f. 1977 Lochaline i Skottland, vert kalla Mac, prosjektingeniør offshoreselskap, g.m. Tone Hatlem f. 1973 Husa (gnr 168 bnr 229-1c), adjunkt, personalrådgjevar, så rektor. Skøyte i 2005. Ekteskapet oppløyst, han vart eineeigar i 2019. Huset vart då renovert. Ho flytta til Meland, Alver kommune.

Born: a. Torkild Malcolm Ratcliffe f. 2003.  b. Aleksander Ewen Ratcliffe f. 2004.


Fedje komm.svg Kalvedalen 3 (Fedje gnr 168 bnr 415) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulevegen 44 (Fedje gnr 168 bnr 398) • Neste bolk: Mulevegen 15 (Fedje gnr 168 bnr 426)