Sandvik (Fedje gnr 168 bnr 64)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandvik
S168.168.14.CD 09 049.jpg
Huset til bnr 64. Frå venstre: Marie (1), Agnes (2) og Solveig (2a).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 64
Adresse: Muren 24

Sandvik er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Martin Monsen Uthaug f. 1882 (gnr 168 bnr 20-8g) d. 1916, fiskar, g. 1906 m. Cecilia Marie Johannesd f. 1883 Sandvik (Storhaugane) i Kinn, Flora d. 1978 (dotter av Johannes Madsen f. 1824 og Berta Marie Ananiasd f. 1847 d. 1920, ho budde her hjå dottera dei siste leveåra). Dei sette opp huset i 1914. Marie fekk skøyte 1936 på tomta frådelt gnr 168 bnr 20 i 1935. Bror hennar, Olaf Johannessen f. 1881 d. 1961, sjømann, budde her på slutten. Marie hadde strikkemaskin, og livnærte seg m.a. av strikking etter at mannen døydde.

Born: a. Jenny Beate Uthaug f. 1906 d. 1979 g. 1937 m. Einar Totland f. 1910 Bergen d. 1985, fiskevrakar, busette der. b. Magnus Olai Uthaug f. 1908 d. 1979, neste eigar (2). c. Ruth Charlotte Uthaug f. 1911 d. 3 md gl. d. Ruth Charlotte Uthaug f. 1913 d. 1 md gl. e. Olav Sigvard Uthaug f. 1915 d. 1917.

2. Magnus Uthaug f. 1908 på dette bruket (1b) d. 1979 g. 1934 m. Agnes Ophaug f. 1914 (gnr 168 bnr 13-22b) d. 2000. Skøyte her i 1951 for 1700 kr. Skøyte på tilleggsareal bnr 196 frådelt 1966, seinare samanføydd med bnr 64. Magnus var fiskar, medeigar i M/S «Feiefjord». Agnes arb. Bjelland frå 1953.

Born: a. Solveig Margrethe Uthaug f. 1939 g. 1957 m. Harald Stuberg f. 1935 (gnr 168 bnr 19-22d) d. 2022, busette der (gnr 168 bnr 184). Solveig fekk skøyte her i 1981. b. Einar Germann Uthaug f. 1943 d. 1979 g. 1970 m. Alin Mongstad f. 1949 Hesthaugen (gnr 169 bnr 18-4a), bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 230). c. Magnar Arvid Uthaug f. 1947 g. 1966 m. Aud Mongstad f. 1948 Smineset (gnr 169 bnr 37-2a) d. 2007, bygde på Svena (gnr 168 bnr 234).

3. Ingmar Stuberg f. 1967 (gnr 168 bnr 184-1c), g. 1993 m. Lisbeth Elin Namsvatn f. 1972 Limingen, Røyrvik i Nord-Trøndelag, lærar, fekk skøyte her i 1995. Ingmar er dotterson til nr 2. Sjå òg Stuberg gnr 168 bnr 19-24.

Born: a. Daniel Stuberg f. 1993, bustad Bergen. b. Håvard Stuberg f. 1995, programvareutviklar, bustad Bergen. c. Ingeborg Stuberg f. 1998, rekneskapsførar, g. 2020 m. Marius Raknes f. 1996 Åsane i Bergen, vernepleiar, bustad Bergen. d. Benjamin Stuberg f. 2003, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Sandvik (Fedje gnr 168 bnr 64) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 20) • Neste bolk: Bergstad (Fedje gnr 168 bnr 66)