Bergstad (Fedje gnr 168 bnr 66)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergstad
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 66
Adresse: Muren 18

Bergstad er ein bustadeigedom i Fedje kommune, no brukt som fritidsbustad.

1. Georg Uthaug f. 1903 (gnr 168 bnr 20-9c) d. 1976 g. 1928 m. Gudrun Lunde f. 1908 Bergen (sjå Hellisøy fyr gnr 173 bnr 1-15b) d. 2004. Skøyte 1936 for 200 kr på tomt frådelt gnr 168 bnr 20 same året. Skøyte 1961 på tilleggsareal bnr 176 (med naust). Huset vart bygd i 1932. Georg var fiskehandlar, og førte fisk til Bergen. Han var formann på fryseriet frå oppstarten i 1961, seinare styrar ei tid.

Born: a. Gerd Alise Uthaug f. 1929 g. 1952 m. Jon Husa f. 1926 (gnr 168 bnr 9-11d) d. 2016, bygde på Svena gnr 168 bnr 120. b. Kåre Magnus Uthaug f. 1933 d. 2018, dreiv fiskereiskapsfabr., g. 1958 m. Ingebjørg Maria Sulen f. 1935 Laksevåg i Bergen, bustad Bergen. c. Karin Helen Uthaug f. 1939 g. 1963 m. Kåre Paulsen f. 1941 Bømlo, bygde på Husa gnr 168 bnr 200. d. Otto Karl Uthaug f. 1946, neste eigar (2). Dei fire borna fekk skøyte på naustet (bnr 169) i 1995.

2. Otto Uthaug f. 1946 på dette bruket (1d) g. 1968 m. Marie Hamre f. 1946 Bakka i Sund (sjå Sundb. II s 324 og III s 332), begge butikkmedarb., bustad Åsane i Bergen. Skøyte på bnr 66 i 2007. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Hilde Uthaug f. 1970 g. 1992 m. Arve Ågotnes f. 1969, bustad Åsane. b. Gisle Uthaug f. 1974 sb.m. Hege Nerhus f. 1983, bustad Laksevåg i Bergen.


Fedje komm.svg Bergstad (Fedje gnr 168 bnr 66) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sandvik (Fedje gnr 168 bnr 64) • Neste bolk: Borge (Fedje gnr 168 bnr 67)