Røyrvik kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Raavrhvijhken tjïelte - Røyrvik kommune
1739 Royrvik komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1739
Fylke Trøndelag
Kommunesenter Røyrvik
Areal 1584.76  km²
Areal land 1335.52  km²
Areal vann 249.24  km²
Folketall (2018)
Grunnlagt 1923
Målform nøytral; sørsamisk
Nettside Nettside

Røyrvik kommune (bokm./nyn.) eller Raavrhvijhken tjïelte (sørsam.) er ein kommune lengst nordaust i Trøndelag fylke. Kommunen vart utskilt frå Grong herred i 1923. Regionsmessig sett ligg kommunen i Indre Namdalen. Kommunen grensar til Lierne i søraust og Namsskogan i vest. I nord grensar kommunen til Grane og Hattfjelldal kommunar i Nordland fylke. I aust grensar kommunen til Strömsunds kommun i Jämtlands län i Sverige. Røyrvik har sterke band til det sørsamiske og ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk.

Med sine 496 innbyggarar (01.04.2013) er Røyrvik den minste kommunen i Trøndelag etter folketal og den tredje minste i heile Noreg (etter Utsira og Modalen kommunar).

Språk

Sørsamisk

Det sørsamiske språket i Røyrvik kommune er av nordlig type, relativt nærme vefsnsamisk. Kommunen vart innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk frå 1. januar 2013. Det samiske namnet varierer melom Raavrevijhke og Raavrhvijhke, der raavre er fiskeslaget røye.

Norsk

Den norske dialekten i Røyrvik kommune hører med til dei indre trøndermåla og ligg nærmast limål, men med nokre trekk frå innernamdaling. Trekka frå limål inkluderer fremre u-uttale i ord som uļļ, muņņ; pronomenet me (vi); -a i fleirtal av svake hokjønnsord (ma’ng gryta); -a i dativ eintal av både sterke og svake hannkjønnsord (i staļļa, i bakka); og lukka vokal i dativ fleirtal -om.

Trekk frå innernamdaling inkluderer presens kasta (limål ka’st) og næmni (limål næ’mn) så vel som 1. person eintal eig, som rettnok varierer med limål i.

Administrasjonshistorie

Kyrkja

Rørvigens Capell, no Røyrvik kyrkje, vart bygd i 1828.
Foto: Olve Utne

I 1589 låg sokna Høylandet, Grong og «Glaszøø» (Gløshaug) under Overhalla prestegjeld. Gløshaug kyrkje dekte da Harran, Namsskogan og Røyrvik. I 1820 vart Overhalla prestegjeld delt, og det nye Grong prestegjeld dekte da Høylandet, Grong og Gløshaugen. Innafor Gløshaugen sokn vart det oppretta nye kapelldistrikt — Trones og Røyrvik. Det sistnemnte var eit kapell for nybyggarar og samar som det vart gjeve løyve til i februar 1828. Rørvigens Capell vart innvigd allereie den 11. september same året. Røyrvik kapelldistrikt vart omgjort til sokn i 1923.

Kommunen

Debatten gikk høgt om kommunenamnet. (Indhereds-Posten, 1922)

Grong Formandskabsdistrict vart oppretta i 1838 og inkluderte vår tids Grong, Høylandet, Namsskogan og Røyrvik kommunar. I 1901 vart Høylandet herad utskilt; og i 1923 vart Harran, Namsskogan og Røyrvik utskilt frå Grong herad. Det vart ein del debatt kring namnet på den nye kommunen i Røyrvik-området. Blant forslaga kan nemnast Jaama, Fjellsjø/Fjellsjøan og Rørvik. Det sistnemnte, i forma Røyrvik, endte opp som heradsnamn.

Kjente folk frå Røyrvik

Lenkjer