Hattfjelldal kommune
Forside for Aarborten tjïelte – Hattfjelldal kommune og bibliografi for Aarborten tjïelte – Hattfjelldal kommune
Hattfjelldal kommune (bokmål/nynorsk) eller Aarborten tjïelte (sørsamisk; nordsamisk Árbordi) er ein kommune på Indre Helgeland lengst søraust i Nordland fylke. Kommunen vart utskilt frå Vefsens herred i 1862 og fikk si noverande utstrekning i 1964, da den delen av kommunen som låg nord for Røssvatnet vart overført til Hemnes kommune.
| Aarborten tjïelte – Hattfjelldal kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1826 |
| Fylke | Nordland |
| Kommunesenter | Hattfjelldal |
| Areal | 2684.35 km² |
| Areal land | 2422.48 km² |
| Areal vann | 261.87 km² |
| Folketall | 1 274 (2025) |
| Grunnlagt | 1862 |
| Fradeling(er) | 1964: området nord for Røssvatnet overført til Hemnes kommune |
| Målform | nøytral |
| Nettside | Nettside |
Hattfjelldal kommune grensar til Grane kommune i vest, Vefsn kommune i nordvest og Hemnes kommune i nord, alle på Helgeland i Nordland. I sør grensar Hattfjelldal kommune til Røyrvik kommune i Indre Namdalen i Trøndelag fylke. Over Kjølen i aust grensar kommunen til Vilhelmina kommun i Västerbottens län i Sverige.
Hattfjelldal kommune høyrer med til kjerneområdet for den vefsnsamiske dialekten, som er den nordligaste hovuddialekten av sørsamisk språk. Kommunen vedtok å begynne forarbeidet for ein søknad om innlemming i forvaltningsområdet for samisk språk i desember 2012. Onsdag 25. juni 2014 vedtok kommunestyret einstemmig at kommunen skal søkje om innlemming.[1] Kommunen vart innlemma den 1. juli 2017.[2]
Fotnotar
- ↑ «Vil bli samisk», på NRK Sápmi, publ. 26.06.2014.
- ↑ «Hattfjelldal blir 'samisk' kommune» på NRK Sápmi
Eksternt stoff
Sjå òg
|
Koordinater: 65.59765° N 13.98948° Ø
