Trønder

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne sida handlar om språkforma trønder. For folk frå Trøndelag, sjå trønderar.

Skilt i glasdisken i Seven–eleven ved krysset mellom Munkegata og Dronningens gate i Trondheim: «Kakskiv» (‘brødskive’).
Foto: Olve Utne (2009).

Trønder eller trøndermål, òg kalla trønderdialekt, trøndsk eller trøndersk, er ei av hovudgruppene av norske dialektar. Trøndermåla blir tradisjonelt snakka i heile Trøndelag fylke og på Nordmøre; og i tillegg i Bindal kommune i Nordland; i Frostviken og Herjedalen i Sverige; samt i Elgå og Kvikne i Nord-Østerdalen. Strukturelt er trøndermåla særprega av tjukk l, jamvekt og varierande grad av apokope. Alle desse trekka er felles med norrländska (inkludert jamska) i Sverige og austsvenske mål på vestkysten av Finland og i Estland. Innanfor Norge er trøndermåla strukturelt sett mest i slekt med austlandsmåla og ordgeografisk sett vel så nært i slekt med nordnorsk.

Underdialektar

Trøndermåla blir oftast inndelt i hovudgruppene uttrøndsk og inntrøndsk. Uttrøndsk inkluderer nordmøring, fosning og ytternamdaling med respektive underdialektar; og inntrøndsk inkluderer dalmåla i det tidlegare Sør-Trøndelag, så vel som dialektane i midtre og indre deler av det tidlegare Nord-Trøndelag. Trondheimsdialekten står i ei mellomstilling, men har mest til felles med fosenmåla i formverket.

Bibliografi

Bøker med kapittel om trøndermål

  • Vaa, Anders: Dialektboka. Oslo : Spartacus, 2016. ISBN 9788243009943
    s. 115–127: «Trønderske dialekter».
    Kapitlet er dessverre prega av tilsynelatande mangelfullt innblikk i dialekten. Det blir bl.a. fleire gonger referert til infinitivsforma spæʎʎ [sic], ei form som ikkje blir bruka i nokon trønderdialekt; det blir hevda at fleirtalsforma gryter er typisk nordmøring, og det blir referert til «nordmørske» former som maɲɲeɲ og baʎʎeɲ. Kartet over trønderdialektane har utelate blant anna Averøy, Gjemnes og Eide kommunar. Lydklipp 34–41 hører til kapitlet. Lydklippa varierer mellom typiske for dialekten og tydeleg normalisert/utvatna talemål.