Granly (Fedje gnr 168 bnr 172)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Granly
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 172

Granly er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Margit Husa f. 1922 (gnr 168 bnr 7-18c) d. 2017, reinhaldar, g. 1948 m. Georg Sulen f. 1920 (gnr 169 bnr 57-3a) d. 2015, i marinen under krigen, var med på D-dagen, invasjonen av Normandie i Frankrike 6. juni 1944. Han var seinare fiskar og sjømann. Skøyte 1960 på tomt med det opprinnelege våningshuset til gnr 168 bnr 7, frådelt same året. Skøyte 1977 på bnr 271 med løe, etter at jorda til bnr 7 vart delt same året.

Born: a. Gunnar Magnus Sulen f. 1949 d. 4 dg gl. b. Gunn Margrete Sulen f. 1950 g. 1977 m. Oddvar Gullaksen f. 1950 Kopper (gnr 168 bnr 141-1a), bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 298). c. Kirsti Helen Sulen f. 1955, neste eigar (2). d. Hans Georg Sulen f. 1960 g. 1985 m. Anne Gunn Husa f. 1963 Husøyna (gnr 168 bnr 259-1d), bustad Oslo. Sjå gnr 168 bnr 464, som er tomta med huset, frådelt i 2008. – Sjå òg Husa gnr 168 bnr 8-14.

2. Kirsti Sulen f. 1955 på dette bruket (1c), arb. Postbanken, g. 1974 m. Bogdan (Eirik) Milsem f. 1953 Oslo, malarmeister, busette der. Skøyte på bnr 172 i 2009. Her står eit uthus.

Born: a. André Milsem f. 1974, bustad Göteborg. b. Marita Milsem f. 1980, bustad Skedsmokorset i Lillestrøm kommune.


Fedje komm.svg Granly (Fedje gnr 168 bnr 172) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husahaugen (Fedje gnr 168 bnr 182) • Neste bolk: Høgtun (Fedje gnr 168 bnr 183)