Tongaren (Fedje gnr 168 bnr 37)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tongaren
S074.168.37.CD 04 020.jpg
Om lag 1915. I midten Muren, frå venstre: Skulehuset, bnr 82, gamlehuset i Grenda?, bnr 18 med Steinborg bak, bnr 47 med det gamle huset samt løe. Det mørke huset til venstre er Berge husmenn 1, løa til Eide til høgre for det igjen. Framme frå venstre: Kopper bnr 37 og bnr 35. Heilt bak til venstre Mulen og Holmen.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 37
Adresse: Mulevegen 7

Tongaren er eit tidlegare småbruk, no nytta som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Gudmund Gudmundsen Koppen f. 1863 Stuberg (gnr 168 bnr 19-16f) d. 1950 g. 1891 m. Helene Karlsd f. 1866 Træsneset (gnr 171 bnr 1-1e) d. 1961, enkje etter Ingemår Rasmussen f. 1864 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15e) d. 1888, sjå der. Skøyte 1922 for 400 kr på tomt frådelt gnr 168 bnr 3 i 1920. Dei sette opp hus her om lag 1891. Seinare vart den eine stova flytta til Sulo gnr 169 bnr 44, der søster til Helene budde. Gudmund var fiskar og fiskehandlar. Dei dyrka litt potet og hadde ei ku og nokre sauer. Bonholmen (gnr 172 bnr 99) i Husavatnet hører til dette bruket frå 1940.

Born: a. Ingine Sofie Gudmundsd f. 1891 d. 1953 g. 1911 m. Olaf Johan Vilhelmsen Fure f. 1885 Steigen i Nordland d. 1974, bustad Bergen. b. Bertha Martina Gudmundsd Koppen f. 1896 d. 1995, neste brukar (2).

2. Bertha Koppen f. 1896 på dette bruket (1b) d. 1995 g. 1919 m. Anton Berntsen f. 1896 Sulo (gnr 169 bnr 57-2f) d. 1977, fiskar, medeigar i M/S «Feiebjørn». Dei budde her frå giftarmålet, og fekk skøyte i 1954. Skøyte 1958 på tilleggsareal bnr 164 frådelt gnr 168 bnr 1.

Ein ungjenteflokk omkring 1940. Bak frå venstre: Marta Koppen, Margot Olsen, Ragnhild Uthaug, Klara Koppen, Helene Koppen. Framme frå venstre: Gerd Uthaug, Hilda Sjøvold, Erna Berg.

Born: a. Hermann Andreas Koppen f. 1922 d. 1997, neste eigar (3). b. Aslaug Bergit Koppen f. 1926 d. 1995 g. 1952 m. Ragnvald Kristiansen f. 1920 Børhaugen (gnr 168 bnr 137-2a) d. 2012, bustad Bergen. c. Helene Marie Koppen f. 1928 d. 2019 g. 1948 m. Nils Tyse f. 1923 Stord d. 2002, murar, busette der.

3. Hermann Koppen f. 1922 på dette bruket (2a) d. 1997, ugift, fiskar, fekk skøyte her i 1973. I 1983 skøytte han ein tredel kvar til dei to søstrene.

4. Beate Moldøen f. 1977 (gnr 170 bnr 38-1a) g. 2006 m. Magnar Stormark f. 1975 Sund (sjå Stormark gnr 172 bnr 125-1b og 3) kjøpte huset i 1997. Dei flytta til Førde i Sund (jf Sundb. I s 562), seinare Bjelkarøyna i Sund, Øygarden kommune.

Born: a. Rebekka Stormark Moldøen f. 1996 samb.m. Simon Torsvik Snekkevik f. 1996 Fjell, bustad Snekkevika i Fjell, Øygarden kommune. b. Sarah Stormark Moldøen f. 2004.

5. Terje Herland f. 1958 Seim i Lindås g.m. Irene Spurkeland f. 1965 Åsane i Bergen (jf Alenfitb. IIA s 139 og s 333), bustad Ryland i Seim i Alver kommune, fekk skøyte i 2001, og brukte huset som fritidsbustad.

           Barn: a. Emil Herland f. 1994, bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune.

6. Per Børge Hillestad f. 1973 Alversund i Lindås, oppvaksen der og på Frekhaug i Meland (jf Melandb. II s 521) g.m. Kristin Aalgaard f. 1989 Time i Rogaland, lærar, bustad Sandnes. Han var sokneprest i Austrheim og Fedje i fire år frå 2014, deretter i Sokndal i Rogaland, og vart sokneprest i Gulen i 2020. Skøyte 2016 på bnr 37, som vert brukt som fritidsbustad.

           Barn: a. Lydia Hillestad f. 2019.


Fedje komm.svg Tongaren (Fedje gnr 168 bnr 37) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bakken (Fedje gnr 168 bnr 35) • Neste bolk: Solstein (Fedje gnr 168 bnr 44)