Stensland (Fedje gnr 172 bnr 6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stensland
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 6
Adresse: Mortevikvegen 25

Stensland er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Agata Mathiasd f. 1853 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-6a) d. 1937 g. 1885 m. Mikal Olsen f. 1856 Svellingen, Øygarden d. 1951. Bygselkontrakt 1884 frå Fedje Torvkompagni på «utmarkstykket Stensland». Dei var av dei første som sette seg ned og dyrka jord på Stormark. I 1905 flytta dei til Fjellheim, Stormark gnr 172 bnr 3-1, der familien er ført.

2. Anna Steffensd f. 1883 Stormark (gnr 172 bnr 10-1a) d. 1916 (tub.) g. 1907 m. Jakob Andreas Ingebrigtsen f. 1885 Kolltveit, Fjell d. 1967 (jf Fjellb. IV s 189, son av Ingebrigt Andersen f. 1852 og Kari Larsd f. 1855). Skøyte 1912 for 1700 kr på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2 same året. Næringa var fiske og jordbruk. I tillegg var Jakob kjøredreng i Bergen, han er nemnd der i folketeljinga 1912.

Born: a. Klara Sofia Jakobsd f. 1907 d. 1917 (drukning). b. Ingolf Andreas Jakobsen f. 1909 d. 1999 g. 1937 m. Ingeborg Oline Ravnanger f. 1911 Askøy d. 1974, budde der. c. Anton Kornelius Jakobsen f. 1912 d. 1915 (drukning).

Enkjemannen Jakob Ingebrigtsen g.2.g. 1918 m. Malene Bertina Knutsd f. 1888 Ravnanger, Askøy d. 1944 (dotter av Knut Monsen f. 1853 og Kari Martine Bertelsd f. 1859). Dei selde bruket i 1921, og flytta til Ravnanger.

Born: d. Jakob Anton Jakobsen f. 1918 d. 1957 g. 1941 m. Dorthea Maria Olsen f. 1917 Krokåsvågen på Askøy d. 2000, budde der. e. Konstanse Malene Kristine Jakobsen f. 1921 d. 2018, bustad Bergen, g.1.g. 1948 Bergen m. Sverre Emil Helander f. 1922 Bergen d. 1962, g.2.g. 1970 m Alf Sverre Sætre f. 1921 Hopland i Austrheim d. 1997 (jf Austrheimb. II s 589).

Bak frå venstre: Elida og Kristoffer Berg (bnr 6-3), Ole Fjeldheim (bnr 3-2), Karstein Berg, Elina Fjeldheim (bnr 3-2), Anna Nygård (bnr 16-3). Framme frå venstre: Sigrunn og Karin Nygård, Kornelius Steffensen (bnr 10-2). Bildet er teke i 1961 rett før Ole døydde.

3. Elida Mikalsd Fjeldheim f. 1893 Stormark (gnr 172 bnr 3-lb) d. 1982 g. 1917 m. Kristoffer Karlsen Berg f. 1886 (gnr 168 bnr 21-10f) d. 1963. Dei var tremenningar med felles oldeforeldre Agata og Rasmus Uthaugen (gnr 168 bnr 20-5). Kristoffer reiste til USA i 1907, og var der i ni år, på sagbruk i Portland, Oregon, og fiske i Alaska. Skøyte her i 1921 for 9300 kr. Dei budde først saman med foreldra hennar. Sjå òg gnr 172 bnr 21-1. Næringa var fiske og jordbruk, dei hadde 2-3 kyr og ein del sauer.

Born: a. Alis Melborg Berg f. 1918 d. 1920. b. Karstein Konrad Berg f. 1922 d. 1973, neste eigar (4). c. Amanda Marie Berg f. 1923 d. 2007 g. 1960 m. Martin Kristoffer Heggernes f. 1922 Askøy d. 2020, busette der. d. Kåre Berg f. 1924 d. 1995 g. 1949 m. Erna Hamre, Fana i Bergen f. 1919 d. 2018, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 114).

4. Karstein Berg f. 1922 på dette bruket (3b) d. 1973 g. 1953 m. Gudrun Rongevær f. 1915 Austrheim d. 1995 (jf Austrheimb. III s 656) fekk skøyte i 1959. Ingen born. Dei budde i Bergen, og huset vart brukt som feriebustad.

5. Brorsonen Walther Berg f. 1950 Stormark (gnr 172 bnr 114-1a, sjå der) fekk skøyte her i 1988.

Leigetakar

6. Kristine Hvidsten f. 1985 Fagerthun Jensen, Fauske i Nordland, budde før på Nygård (gnr 172 bnr 106-4), sjå der.


Fedje komm.svg Stensland (Fedje gnr 172 bnr 6) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solhaug (Fedje gnr 172 bnr 5) • Neste bolk: Fredheim (Fedje gnr 172 bnr 7)