Nordre Fjellheim (Fedje gnr 172 bnr 21)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordre Fjellheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 21

Nordre Fjellheim er ein eigedom i Fedje kommune.

Gunhild, Elin og Mikal Fjeldheim (bnr 21-2) i 1937.

1. Kristoffer Karlsen Berg f. 1886 (gnr 168 bnr 21-10f) d. 1963 fekk skøyte i 1918 for 700 kr på denne tomta frådelt gnr 172 bnr 3 same året. Det vart ikkje at han bygde her. Han budde med familien på Stormark gnr 172 bnr 6-3 frå 1921, sjå der.

2. Mikal Fjeldheim f. 1911 Stormark (gnr 172 bnr 3-2a, sjå der) d. 1998 g. 1936 m. Gunhild Herøy f. 1911 Stormark (gnr 172 bnr 14-le) d. 1996. Skøyte her i 1939 frå nr 1. Huset vart bygd i 1938. Mikal var sjømann, fyrbetjent på Hellisøy fyr frå 1946 til 1954.

Born: a. Elin Fjeldheim f. 1937 d. 1971 g. 1955 m. John Løtvedt f. 1930 Vaksdal d. 2007, møllearb., busette der (jf Vaksdalb. I s 584). b. Otto Fjeldheim f. 1940 d. 2½ veke gl. c. Margaret Fjeldheim f. 1942, neste eigar (3). d. Alvhild Fjeldheim f. 1947 g. 1966 m. Per Lokøy f. 1944 Fjell, busette der, no Øygarden kommune. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 3-2.

3. Margaret Fjeldheim f. 1942 på dette bruket (2c), barnepleiar, bustad Bergen, var g. 1964 m. Arthur Olav Bertelsen f. 1943 Askøy, adjunkt, busett der. Margaret fekk skøyte her i 1980. Tomta med huset vart frådelt i 1999 med nytt gnr 172 bnr 194, sjå der.

Born: a. Frøydis Bertelsen f. 1966, bustad Åsane i Bergen, sjå gnr 172 bnr 194. b. Eirik Bertelsen f. 1971, bustad Arna i Bergen. c. Bård Fjeldheim f. 1976, bustad Bergen. Dei tre borna fekk skøyte i 2011 på bnr 21, som omfattar jorda og uthus.


Fedje komm.svg Nordre Fjellheim (Fedje gnr 172 bnr 21) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Haugen (Fedje gnr 172 bnr 20) • Neste bolk: Norheim (Fedje gnr 172 bnr 22)