Fjellheim (Fedje gnr 172 bnr 3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 3
Adresse: Fyrsundvegen 122

Fjellheim er ein eigedom i Fedje kommune.

Frå venstre: Mikal, Elida og Agata Fjeldheim (bnr 3-1).

1. Agata Mathiasd f. 1853 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-6a) d. 1937 g. 1885 m. Mikal Olsen f. 1856 Svellingen, Øygarden d. 1951. Mikal var bror til Knut Stormark gnr 172 bnr 4-2 og Steffen Stormark gnr 172 bnr 10-1, sjå der. Agata og Mikal budde først på Stormark gnr 172 bnr 6-1. Dei fekk skøyte i namnet til sonen Ole for 1400 kr i 1905 på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2 same året. Huset vart flytta frå gnr 172 bnr 6 og hit. Dei hadde husdyr. Ved sida av fisket var Mikal reserveassistent på Hellisøy fyr frå 1894 til 1918, og igjen nokre år frå 1920. Han førte òg posten dit. Familien flytta til Fjellheim for å komma nærare fyret. I folketeljinga 1891 hadde dei barnejenta Monsina Emalina Monsd f. 1878 Krossøyna, Austrheim (jf Austrheimb. III s 603).

Born: a. Ole Martin Mikalsen f. 1889 d. 1961, neste brukar (2). b. Elida Jørgine Mikalsd f. 1893 d. 1982 g. 1917 m. Kristoffer Karlsen Berg f. 1886 (gnr 168 bnr 21-10f) d. 1963, brukarar på Stormark (gnr 172 bnr 6-3).

2. Ole Mikalsen Fjeldheim f. 1889 på dette bruket (la) d. 1961 g. 1910 m. Elina Olsd f. 1884 Svellingen, Øygarden d. 1965 (dotter av Ole Ellingsen f. 1851 d. 1946 og Erika Mikkelsd f. 1853 d. 1900, dei hadde òg borna Ellen f. 1900, jf Husa gnr 168 bnr 5-15d, og Ingvald Olai Svellingen f. 1892 d. 1977, som var farfar til Ragnhild og Oddny Svellingen, sjå Kopper gnr 168 bnr 4-6b og 6c). Ole fekk skøyte her alt i 1905, sjå nr 1. Han var fiskar. I tillegg var han postførar og reserveassistent på Hellisøy fyr til 1939.

Born: a. Mikal Olai Fjeldheim f. 1911 d. 1998 g. 1936 m. Gunhild Herøy f. 1911 Stormark (gnr 172 bnr 14-le) d. 1996, bygde på frådelt tomt gnr 172 bnr 21-2. Han fekk skøyte her i 1953. I 1967 vart tomta med huset frådelt og skøytt til Kjell Stormark, sjå gnr 172 bnr 125. b. Erna Marie Fjeldheim f. 1915 d. 2008 g. 1938 m. Monrad Harald Sætre f. 1915 Budalen i Austrheim d. 2006, busette der og sidan i Kvalvågen i Austrheim, han var skipsreiar og kystskipper (jf Austrheimb. II s 127 og 301). c. Alf Martin Fjeldheim f. 1920, omkom då M/S «Lindøy» forliste ved Byrknes i Gulen 10. februar 1946, vart attfunnen, d. Berta Magdalena Fjeldheim f. 1922 d. 1991 g. 1950 m. Bernhard Stormark f. 1924 (gnr 172 bnr 22-lf) d. 2001, bustad gnr 172 bnr 33-2. e. Edel Oliva Fjeldheim f. 1924 d. 1988 g. 1948 m. Sverre Vea f. 1924 Karmøy d. 1999, fiskeskipper, busette der. f. Klara Elisa Fjeldheim f. 1925 d. 1986 g. 1947 m. Oliver Alfredsen f. 1927 Stormark (gnr 172 bnr 22-lg) d. 2005, bygde på gnr 172 bnr 115-1.

3. Alvhild Fjeldheim f. 1947 Stormark (gnr 172 bnr 21-2d) g. 1966 m. Per Lokøy f. 1944 Fjell, adjunkt, busette der. Ho fekk skøyte i 1980 av faren (2a) på bnr 3, dvs. jorda på bruket.

Barn: a. Gro Lokøy f. 1967, neste eigar (4).

4. Gro Lokøy f. 1967 Fjell (jf 3a) g. 1995 m. Terje Andreassen f. 1951 Risør, bustad Stavanger. Skøyte i 2002. Ein fritidsbustad vart bygd i 2005.

Born: a. Trine Thomsen Andreassen f. 1981 g. 2002 m. Tom Forus Jakobsen f. 1978 Stavanger, busette der. b. Truls Andreassen Thomsen f. 1988, bustad Stavanger (Terjes born frå 1. es. m. Sissel Thomsen f. 1954 Stavanger, busett der).  c. Lasse Andreassen Lokøy f. 1996, bustad Oslo. d. Hanna Andreassen Lokøy f. 2001, bustad Stavanger.


Fedje komm.svg Fjellheim (Fedje gnr 172 bnr 3) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stormark (Fedje gnr 172 bnr 2) • Neste bolk: Nyheim (Fedje gnr 172 bnr 4)