Berge (Fedje gnr 168 bnr 21/22)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berge
S244.168.21.CD 11 068.jpg
Flyfoto 1961. Berge i framgrunnen, frå venstre bnr 49, bnr 79 og bnr 21. Rett bak bnr 79 er Midt-Tangen. Elles frå venstre Vika bnr 152, Midt-Tangen bnr 56, Nord-Tangen. Bakom der Børhaugen. I bakgrunnen frå venstre Bjelland, Holmen og Kremmarholmen, heilt bak Sulo.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 21/22
Adresse: Sjånesvegen 28

Berge er eit gardsbruk i Fedje kommune.

1. Nils Gregersen f. 1643 (etter alder i 1701) er første gong nemnd her frå 1691 til 1694, og i 1701. Landskylda var først sett ned til 18 merker fisk, eller det halve samanlikna med 1665. Kanskje det var gjort for å få nokon til å busetja seg her. Men i 1696 var den auka opp til den gamle ½ våg fisk. I 1711 betalte Nils skoskatt for seg og kona, men ingen born. Året etter var det ein ny brukar her.

2. Johannes Olsen f. 1679 Muren (gnr 168 bnr 18-6a) d. 1738 g.1.g. 1711 Gulen m. Anna Ivarsd frå Storenes, Gulen. Ho døydde, og Johannes vart g.2.g. 1723 Gulen m. Marta Johannesd f. Nese, Gulen (jf Gulenb. I s 471). Også ho døydde, og Johannes vart g.3.g. m. Anna Andersd f. 1694 (etter alder ved død) d. 1752. Alle ekteskapa var barnlause. Johannes var brukar her frå 1712. Han fekk tinglyst bygselbrev frå Dankert Dankertsen i 1721. I 1715 er Johannes nemnd i ei sak i tingboka. Han stemna Guttorm Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-7) for retten fordi han hadde skulda Johannes for å vera ein tjuv. Jens Mikkelsen Eide (gnr 168 bnr 15-6) fortalde at han hadde hørt at Guttorm hadde skjelt ut Johannes på båten då dei rodde frå fiske og kalla han tjuv. Det same forklarte Ola Ingebrigtsen, tenaren til Mathias Uthaugen (gnr 168 bnr 14-6). Guttorm sa at Johannes hadde teke eit stykke flesk frå Johannes Kopper (truleg Jon, jf Kopper gnr 168 bnr 2-1a). Men då Guttorm ikkje kunne føra prov for påstandane sine, vart dei kjende som døde og usagde. Guttorm på si side stemna på det same tinget Johannes for å ha trua han på livet, så dei kom ikkje så godt overlag. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om garden: Brukar Johannes, landskyld ½ våg fisk. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn. Dyretalet var på berre 1 ku, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget. I skattelistene frå 1731 til 1736 er det feilaktig brukt farsnamnet Ola som fornamn om Johannes. At det må vera Johannes, kan me sjå av at det vart skifta etter han i 1738. Då han som nemnt var barnlaus, var det dei fire borna til broren Kristian Olsen Muren (gnr 168 bnr 18-8) som arva.

3. Enkja Anna Andersd (2) g.2.g. 1742 m. Mons Knutsen f. 1718 Øvre Stuberg (7b) d. 1782 (ifølgje militær rulle). Ingen born. Mons var los. Han fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1742.

4. Enkjemannen Mons Knutsen (3) g.2.g. 1752 m. Turi Ivarsd f. 1725 Litlås, Austrheim d. 1767 (jf Austrheimb. I s 101). Ho var søster til Ola Moldøyna (gnr 170 bnr 2-9) og Brita Stuberg (gnr 168 bnr 19-10). Mons hadde i 1754 tenaren Brita Larsd, ho tente tidlegare hjå Knut Ertsholmen (7), dette går fram av ei sak i tingboka der Brita var vitne.

Born: a. dødfødd son f. 1753. b. Knut Monsen f. 1754 d. 1835 g. 1778 m. Sissel Rasmusd f. 1751 Grenda (gnr 168 bnr 17-8c) d. 1829, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 4-2). c. Kari Monsd f. 1759 d. 1799 g. 1791 m. Ola Josefsen f. 1771 Dyrneset, Austrheim d. 1826, budde der (sjå Austrheimb. III s 324). d. Ivar Monsen f. 1762 d. 1775 ifølgje militær rulle. e. Botilla Monsd f. 1767 d. før 1786, då ho ikkje er nemnd i skiftet etter morbroren Ola Moldøyna det året.

5. Enkjemannen Mons Knutsen (3, 4) g.3.g. 1768 i Gulen m. Gjøa Knutsd f. Byrknes (dotter av Knut Øysteinsen d. 1789 og Sygni Sveinsd, sjå Gulenb. III s 191).

Barn: a. Siri Monsd f. 1770, konfirmert i 1786, elles veit me ikkje meir om henne.

6. Ragnhild Gregoriusd f. 1748 Lauvås, Lindås d. 1822 (dotter av Gregorius Hemingsen og Brita Larsd, jf Lindåsb. IV s 172) g. 1783 m. Halvor Monsen f. 1758 Fonnebost, Lindås d. 1834 (son av Mons Hansen og Marta Halvorsd, sjå Lindåsb. III s 420). Bygsel 1782 frå Dankert Dankertsen Heiberg på dette bruket samt halvparten av Øvre Stuberg (sjå nr 9 der). I folketeljinga 1801 budde Ragnhild og Halvor her med dottera Marta 13 år. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at dette bruket, saman med halvparten av Øvre Stuberg, vart verdsett til 115 rdl. Fiskeria var hovudnæringa. Ifølgje matrikkelen frå 1838 sat Halvor igjen med ein tredel av Berge tilsvarande skyld 13 skilling, etter at dottera og svigersonen overtok bygsla i 1815. Dette er truleg forklaringa på at Berge seinare fekk to bruksnummer, sjå innleiinga. Etter at Halvor døydde, vart dei to delane brukte i lag att.

Born: a. dødfødt barn f. 1784. b. Mons Halvorsen f. 1785 d. før 1801. c. Marta Halvorsd f. 1788 d. 1823, neste brukar (7). d. Brita Halvorsd f. 1793 d. 1800.

Framme frå venstre bnr 25 Nord-Tangen, bnr 26 Midt-Tangen (no bnr 401), bnr 214 (fremst), bnr 79 (gult) og bnr 49. I midten ligg bnr 353 med bnr 21 Berge til høgre. Vegen ut til moloen på Kisteneset går bakom. Moldøyna ligg bak til venstre. Bilde 2016.
Foto: Arne Wiken

7. Marta Halvorsd f. 1788 på dette bruket (6c) d. 1823 g. 1815 m. Thomas Olsen f. 1790 Vika (gnr 168 bnr 28-10d) d. 1855. Bygselbrev 1815 frå Kristoffer Kahrs. Som nemnt under nr 6 tok Halvor unna ein tredel av bruket mens han levde, slik at Marta og Thomas brukte to tredelar. Det tilsvarte ny skyld 1 ort 2 skilling ifølgje matrikkelen frå 1838. Thomas var med i det første heradsstyret for Lindås frå 1837, og sat til 1839.

Born: a. Brita Thomasd f. 1815 d. 1862 g. 1841 m. Anders Olsen f. 1815 Moldøyna (gnr 170 bnr 3-16a) d. 1872, busette der (17). b. Jonas Thomassen f. 1817 d. 1823. c. Mons Thomassen f. 1821 d. 1893, seinare brukar (9). d. Marta Thomasd f. 1823 d. 1911 g. 1853 m. Martinus Larsen f. 1825 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16d) d. 1864, brukarar på Eide (gnr 168 bnr 15-17).

Skiftet 1824 etter Marta nemner som arvingar enkjemannen Thomas og tre born. Buet hadde ein formue på 19 spd, og gjeld på om lag det same, slik at det vart berre 1 ort til overs. Når så skiftekostnadene kom opp i over 4 spd, vart det heile eit underskotsbu. Dei hadde m.a. ei ku, ei kvige, ein vêr, ein sau, ei kubjølle, eit par forgylte sølvspenner, ei sølvsnor med nål, ein forgylt sølvring, eit tinnfat, to gryter, ei vedsag, ein høvel, to kister med lås, to ambrar, ein spinnrokk, ein spade, ein ljå, ein navar, to furutønner, ei halvtønne, ei eiketønne, eit par vassbøtter, eit vasspann og ei smørkinne. Av sjøutstyr var det ein del av ein mortevad, eit vårsildegarn, halvdelen i eit fiskesnøre med blystein, og ei fiskeline med anglar.

8. Enkjemannen Thomas Olsen (7) g.2.g. 1824 m. Ragnhild Toresd f. 1787 Haugland i Gulen d. 1851 (dotter av Tore Larsen og Sigrid Guttormsd, jf Brekkeb. II s 607). I 1835 hadde Thomas og Ragnhild 2 storfe og 3 sauer, og sådde ¼ tn havre og det same med potet. I 1845 var dyretalet 2 storfe og 5 sauer, og utsådet ⅛ tn av kvart slag.

Born: a. Siri Thomasd f. 1825 d. 1898, flytta til Gulen i 1840, og til Hyllestad i Sogn 1842, g. der 1857 m. Mons Monsen f. 1812 Heggebøen i Hyllestad d. 1895, budde der, jf Hyllestadb. II s 512. b. Ola Thomassen f. 1829 d. 2 md gl.

9. Mons Thomassen f. 1821 på dette bruket (7c) d. 1893 g. 1850 m. Guri Rasmusd f. 1828 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-5d) d. 1902. Bygselbrev 1851 frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Næringa var fiske og jordbruk. Mons og Guri hadde i 1855 4 storfe og 5 sauer, i 1865 3 storfe og 2 sauer, og i 1875 berre 1 ku og 1 sau. Dei sådde i 1855 ¼ tn både havre og potet, i 1865 ⅜ tn havre og ½ tn potet, og i 1875 ⅓ tn havre og ½ tn potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 9/10 kyrlag. Dyrka åker og utsåd er ikkje nemnt. Avlinga var 60 våger høy. Det var 4 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka.

Born: a. Martina Monsd f. 1850 d. 1916 g. 1870 m. Ole Larsen f. 1850 Sulo (gnr 169 bnr 34-1b) d. 1937, budde der (2). b. Kari Monsd f. 1852 d. 1926, neste brukar (10).

Tre brør Berg i USA, frå venstre: Anton, Ludvig og Kristoffer.

10. Kari Monsd Berg f. 1852 på dette bruket (9b) d. 1926 g. 1873 m. Karl Rasmussen f. 1850 Husa (gnr 168 bnr 10-5b) d. 1931. Dei budde først som innerstar hjå Kari sine foreldre på Husa, der dei tre eldste borna er fødde. Skøyte på Berge i 1878 frå Fedje Torvkompagni for 500 kr og kår til dei førre brukarane. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 23 øre. Tidlegare låg huset om lag der som naustet til gnr 168 bnr 19 Stuberg er i dag. Det var eit lite berg ovanfor der på det noverande Muren, så namnet kan òg komma derfrå, sjå innleiinga. I samband med utskiftinga av innmarka i 1896 vart eigaren av Berge pålagt å flytta våningshus og uthus, dit dei står i dag. Huset vart samstundes påbygd, truleg med materialar frå Opphaugen, sjå husmenn 2 der. Dei dreiv med fiske og jordbruk, og i tillegg var Karl los. Han vart fastlos i 1879 ifølgje Bergen losrulle. Han hadde gode inntekter frå losinga, ikkje minst under 1. verdskrigen, med ein rekord på 19 800 kr i 1917. I 1927 vart tomta med huset frådelt og seld til sonen Ludvig, sjå gnr 168 bnr 49-1.

Born: a. Rasmus Martin Karlsen Berg f. 1874 d. 1953, neste brukar (11). b. Andrea Gurina Karlsd f. 1876 d. 1956 g. 1898 m. Martinus Andreassen f. 1868 Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1f) d. 1954, bygde på Husa (gnr 168 bnr 104-1). c. Ida Karine Karlsd f. 1878 d. 1879. d. Ivar Kristoffer Karlsen f. 1880 d. 1900, sjømann, døydde i Ostindia. e. Karl Johan Karlsen Berg f. 1883 d. 1968 g. 1912 m. Imanda Emanuelsd f. 1886 Steinborg (gnr 168 bnr 29-1a) d. 1960, bygde på Steinborg, Muren gnr 168 bnr 36-1. f. Kristoffer Karlsen Berg f. 1886 d. 1963 g. 1917 m. Elida Mikalsd Fjeldheim f. 1893 Stormark (gnr 172 bnr 3-1b), budde der (gnr 172 bnr 6-3). g. Anton Bertin Karlsen Berg f. 1889, utvandra til USA i 1907, budde i Seattle, Washington i 1916, seinare opphaldsstad ukjent, var musikar, ugift, døydde på midten av 1930-talet. h. Ludvig Martin Karlsen Berg f. 1892 d. 1966 g. 1915 m. Malene Ivarsd f. 1889 Husa (gnr 168 bnr 12-7a) d. 1969, budde på frådelt tomt gnr 168 bnr 49 med det opprinnelege våningshuset.

11. Martin Karlsen Berg f. 1874 på dette bruket (10a) d. 1953 g. 1896 m. Kristine Endresd f. 1870 Vika (gnr 168 bnr 28-14e) d. 1946. Dei budde først på Opphaugen (husmenn 2), og så på Børeneset (sjå Børo gnr 168 bnr 24-20). Dei sette opp hus her i 1925, og hadde to kyr. Martin var matros på seglskuter i ungdommen, seinare fiskar, m.a. medeigar i M/S «Trygg». I 1933 fekk han skøyte på Berge for 6000 kr.

Born: a. Betsy Alvilda Martinsd f. 1897 d. 1925 (tub.) g. 1915 m. Sigurd Kristiansen Holvik f. 1893 Gloppen, Nordfjord d. 1980, tømrar, budde der, Sigurd flytta seinare til Bergen (sjå Gloppenb. IV s 561). b. Alfred Emil Martinsen f. 1899 d. 1910. c. Karoline Imanda Martinsd Berg f. 1902 d. 1977, ugift, reinhaldar, budde i Bergen. d. Karen Marie Martinsd f. 1905 d. 1913 (tub.). e. Karl Johan Martinsen Berg f. 1907 d. 1997, sjå nr 12 her. f. Magnus Gustav Martinsen Berg f. 1910 d. 1968, neste eigar (13). g. Alfred Emil Martinsen f. 1913, gjekk gjennom isen på Vassivarvatnet og drukna 28. januar 1925. h. Karen Marie Martinsd Berg f. 1916 d. 1998 g. 1937 m. Trygve Bastesen f. 1912 Saltneset, Lindås d. 1988, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 79-1.

12. Karl Berg f. 1907 på dette bruket (11e) d. 1997, fiskar, g. 1932 m. Marta Rognsvåg f. 1910 (gnr 167 bnr 1-5b) d. 2006, budde først her på Berge der borna er fødde. Karl var i handelsflåten under krigen. Han byrja å fiska i USA, og heile familien reiste dit i 1951, bustad North Dartmouth, Massachusetts.

Born: a. Alfred Berg f. 1933 d. 2018 g. 1960 Montana m. Sonja Marie Sanne f. 1939 Anaconda i Montana (av norskfødde foreldre), bustad Seattle, sidan Lynnwood, Snohomish i Washington. b. Ågot Marie Berg f. 1935 d. 2020, bustad Newton og så Watertown i Massachusetts. c. Erling Anders Berg f. 1938, bustad Cape May, New Jersey. d. Kirsten Margaret Berg f. 1948 g. 1984 California m. Thomas Gordon Trippe f. 1939 Los Angeles, bustad Berkeley, California.

13. Magnus Berg f. 1910 på dette bruket (11f) d. 1968 g. 1942 m. Olga Herøy f. 1918 Stormark (gnr 172 bnr 14-1h) d. 1972. Skøyte her i 1953 for 4000 kr. Magnus dreiv fiske i USA frå byrjinga av 1950-talet til midten av 1960-åra, budde i New Bedford, Massachusetts. Familien budde òg der i to år fram til 1960.

Born: a. Marion Berg f. 1943 d. 1945. b. Odd Magnus Berg f. 1949, neste eigar (14).

14. Odd Berg f. 1949 på dette bruket (13b), losbåtførar, g. 1971 m. Kjellaug Ninni Rong f. 1949 Øygarden, fiskeindustriarb. Skøyte til Odd i 1972. I 1976 vart dei to bnr 21 og 22 samanføydde til eit felles bnr 21. Tomta med huset vart frådelt i 1983 med nytt bnr 330.

Born: a. Magnus Ove Berg f. 1972, skipsførar, g. 1998 m. Camilla Horgen f. 1975 frå Smiholmen (gnr 168 bnr 55-3a), bustad Bergen. b. Sandra Berg f. 1975, kontormedarbeidar, g. 2006 m. Even Hauge f. 1962, bustad Arna i Bergen. Es oppløyst.


Fedje komm.svg Berge (Fedje gnr 168 bnr 21/22) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Berge (Fedje) • Neste bolk: Husmenn på Berge