Berge (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Berge i Fedje kommune vart frå starten av kalla Ingeborgplassen, truleg etter ei Ingeborg som var med og rydda den. Plassen hører til dei yngre bruka på Fedje.

Første gongen den er nemnd, er i matrikkelen frå 1665, der det heiter om Ingeborgplassen at den «ligger gandske øde og ubebygd». Landskylda var ½ våg fisk, så den var taksert og klar til å takast i bruk. Truleg skjedde det om lag 1672, for då svarte brukaren leiglendingsskatt, utan at me veit namnet på han. Først i 1691 får me greie på kva brukaren heiter. I manntalet 1701 og folketeljinga 1801 vert det brukt nemninga Ingeborgplassen, sameleis i matriklane til 1819 og panteregisteret fram til 1850. I matrikkelen 1838 er det brukt Berge, og i panteregisteret frå og med 1851. Folketeljingane frå 1835 og framover bruker òg berre Berge. Skrivemåten varierer mellom Berge og Berget. I kyrkjebøkene er det eine og aleine Berge som har vore brukt, aldri Ingeborgplassen. Presten har av og til skrive Bergie, som er i tråd med uttalen «bærje». Berge ligg lengst nordaust på Fedje, aust for Tangane. Namnet kjem truleg av at det er berglendt her, og det er truleg derfor bruket vart rydda så seint. Sjå òg under nr 10 når det gjeld husplassering. Berge har heile tida vore drive som eitt bruk, unnateke ein periode frå 1815 til 1834, sjå under nr 6. Den fekk derfor to bruksnummer i panteregisteret frå 1851. Dei to nummera vart samanføydde til eit felles bnr 21 først i 1976. På 1900-talet er det frådelt to tomter.


Fedje komm.svg Berge (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solli (Fedje gnr 168 bnr 253) • Neste bolk: Berge (Fedje gnr 168 bnr 21/22)