Bakketun (Fedje gnr 168 bnr 104)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakketun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 104
Adresse: Mulevegen 52

Bakketun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Martinus Andreassen f. 1868 Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1f) d. 1954 g. 1898 m. Andrea Karlsd f. 1876 Berge (gnr 168 bnr 21-10b) d. 1956. Dei budde først som innerstar på Berge. Så fekk dei tomt hjå bror til Martinus, Erik Husa (gnr 168 bnr 9-10), og sette opp hus her om lag 1902. Dei hadde ikkje jord, men fødde eit par sauer. Martinus var fiskar.

Born: a. Ragnvald Andreas Martinussen f. 1899 d. 1974 g. 1925 m. Abelona Ivarsd f. 1899 Husa (gnr 168 bnr 12-7f) d. 1968, busette på Husa (gnr 168 bnr 54-1). b. Ivar Kristoffer Martinussen f. 1901 d. 1992 g. 1929 m. Aslaug Andersd f. 1903 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-4a) d. 2001, brukarar der (6). c. Karen Bergitte Martinusd f. 1903 d. 1917 (tub.). d. Karl Johan Martinussen Husa f. 1906 d. 1979, ugift, budde på Sletta, Radøy, døydde der. e. Amandus Gustav Martinussen f. 1907 d. 1911. f. Alma Martinusd Husa f. 1908 d. 1994, neste eigar (3). g. Ragna Mathilde Martinusd f. 1911 d. 2010, sjå nr 2 her. h. Gustav Martinius Martinussen f. 1912 d. 1978, sjømann, g. 1946 m. Ingeborg Elisabeth Andersd Hjellestad f. 1907 Fana i Bergen d. 1993, busette der, es. oppløyst. i. Anna Marie Martinusd f. 1915 d. 12 dg gl. j. Anne Marie Martinusd f. 1916 d. 2007, flytta til Bergsvågen, Fusa i 1942, g.m. Thorbjørn Annanias Torsteinsen Bergsvåg f. 1897 Fusa d. 1990 (sjå Fusab. IV s 629), flytta i seinare år til Våge, Tysnes. Han dreiv ei tid rutebåten «Prektig» mellom Fedje og Bergen.

2. Ragna Husa f. 1911 på denne plassen (1g) d. 2010 g. 1936 m. Ingvald Solberg f. 1913 Fosse i Kvam d. 2001, bakar (jf Strandebarmb. II s 363). Dei budde her hjå Ragna sine foreldre til 1946, då dei flytta til Fosse til heimgarden hans.

Born: a. Ragnar Martin Solberg f. 1937, bustad Strandebarm i Kvam. b. Irene Andrea Solberg f. 1939, bustad Strandebarm. c. Ragnar Solberg f. 1940 d. nokre timar gl. d. Anne Marie Solberg f. 1940, bustad Strandebarm. e. Marta Solberg f. 1940 d. nokre timar gl., c., d. og e. var trillingar. f. Øyvind Solberg f. 1945, bustad Kinsarvik i Ullensvang.

3. Alma Husa f. 1908 på denne plassen (1f) d. 1994 fekk skøyte i 1947 på dette bruket, frådelt gnr 168 bnr 50 same året. Ho hadde med Harald Koppen f. 1908 (gnr 168 bnr 44-2) d. 2000 sonen a. Håkon Aksel Husa f. 1929 d. 2011 g. 1957 m. Johanne Kjeilen f. 1933 Nygård (gnr 172 bnr 100-1k) d. 2003, bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 259). Håkon fekk skøyte her i 1994.

4. Ronny Husa f. 1962 Husøyna (gnr 168 bnr 259-1c) g. 1989 m. Elisabeth Berg f. 1958 Bergen, barnehagelærar, busette der. Skøyte i 1998, han er son til Håkon (3a). Huset vert brukt som fritidsbustad, og vart renovert i 2017.

Born: a. Kristoffer Berg Husa f. 1990, forretningskonsulent, samb. 2020 m. Silje Nymark Haukeland f. 1989 Os, musikar, busette der, no Bjørnafjorden kommune. b. Aleksander Berg Husa f. 1992, sivilingeniør, samb.m. Lina Kristine Ulsund 1995 Steinkjer, sosionom, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Bakketun (Fedje gnr 168 bnr 104) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Viktun (Fedje gnr 168 bnr 95) • Neste bolk: Soltuft (Fedje gnr 168 bnr 111)