Solstrand (Fedje gnr 168 bnr 50)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solstrand
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 50
Adresse: Mulevegen 54

Solstrand er ein bustadeigedom i Fedje kommune, no nytta som fritidsbustad.

Søsken frå bnr 50, frå venstre Erling, Ingrid, Leif og Marie.

1. Lars Eriksen f. 1898 Husa (gnr 168 bnr 9-10d) d. 1963, fiskar, medeigar M/B «Rapp», g. 1929 m. Gudrun Ivarsd Husa f. 1903 (gnr 168 bnr 12-7g) d. 1960. Skøyte 1929 til Lars for 700 kr og kår til foreldra på halvparten av jorda til gnr 168 bnr 9, frådelt same året. Huset vart òg bygd i 1929.

Born: a. Ingrid Gidske Eriksen f. 1931 g. 1952 m. Andreas Ophaug f. 1927 Kopper (gnr 168 bnr 53-1b) d. 2009, bygde på Svena gnr 168 bnr 121. b. Marie Elisabet Eriksen f. 1935 g. 1956 m. Kristoffer Karlsen f. 1932 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 62-1b) d. 2009, busette der (2). c. Leif Gunnar Eriksen f. 1937, neste eigar (2). d. Erling Eriksen f. 1941 var g.1.g. 1965 m. Ann Mari Ovesen f. 1943 Hitra, Sør-Trøndelag d. 1998, busette Bergen, g.2.g. 2000 m. Karin Krogh Nilsen f. 1947 Svolvær i Vågan, Lofoten, busette der. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 13-4.

2. Leif Eriksen f. 1937 på dette bruket (1c), maskinsjef, skipsinspektør, g. 1963 m. Turid Rindheim f. 1942 Kinn, Flora. Skøyte her i 1960. Familien flytta til Bergen i 1975, og brukte huset som feriebustad. Det vart renovert i 1968.

Born: a. Trond Eriksen f. 1964, sjå Husa (gnr 168 bnr 51-4). b. Leni Eriksen f. 1969, bustad Bergen.

3. Bjørn Kenneth Øksnes f. 1967 Osterøy, dagleg leiar, g. 1997 m. Angela Lill Danielsen f. 1971 Bergen, assistent, bustad Runnhovda på Osterøy. Skøyte i 2020, huset vert brukt som fritidsbustad.

           Born: a. Emil Andre Øksnes f. 1993, mekanikar, bustad Osterøy. b. Fredrik Øksnes f. 1996, ingeniør, bustad Bergen. a. Henrik Øksnes f. 2000, bustad Osterøy. b. Rosalinn Øksnes f. 2003, bustad Osterøy.

Fedje komm.svg Solstrand (Fedje gnr 168 bnr 50) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skansen (Fedje gnr 168 bnr 48) • Neste bolk: Toskarhaugen (Fedje gnr 168 bnr 51)