Hagen (Fedje gnr 168 bnr 53)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 53
Adresse: Stormarkvegen 10

Hagen er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Ludvig Ophaug f. 1902 (gnr 168 bnr 13-21g) d. 1974 g. 1923 m. Johanne Hjønnevåg f. 1904 Vågane (gnr 172 bnr 28-1b) d. 2000. Skøyte 1931 på tomt frådelt gnr 168 bnr 2. Huset vart bygd same året. Ludvig var fiskar, m.a. medeigar i M/S «Fiskholm» før krigen. Johanne arb. Bjelland frå 1953.

Born: a. Johannes Ingvald Ophaug f. 1923 d. 1986, arb. jernbaneverkstad, g. 1946 m. Elizabeth Ivatt f. 1927 Cowie i Stirling, Skottland d. 2011, busette der. b. Andreas Ophaug f. 1927 d. 2009 g. 1952 m. Ingrid Eriksen f. 1931 Husa (gnr 168 bnr 50-1a), bygde på Svena gnr 168 bnr 121. c. Ingrid Ophaug f. 1931 d. 1974 g.m. Erling Hjelmeland f. 1935 Flora d. 2018, bygde på Svena gnr 170 bnr 19-1. d. Lillian Margrete Ophaug f. 1938, neste eigar (2).

2. Lillian Ophaug f. 1938 på dette bruket (1d), pleiemedhjelpar, g. 1957 m. Leif Børhaug f. 1935 Kopper (gnr 168 bnr 61-3b) d. 2014 fekk skøyte her i 1973, busette i Bergen.

Barn: a. Frank Richard Børhaug f. 1959, bustad Bergen. Sjå Kopper gnr 168 bnr 35-2. b. Nina Gudny Børhaug f. 1962, bustad Bergen. c. Sølvi Lovise Børhaug f. 1968 g. 1997 m. Torgils Lutro f. 1965 Lofthus i Ullensvang, bustad Askøy, seinare Bergen.


Fedje komm.svg Hagen (Fedje gnr 168 bnr 53) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solheim (Fedje gnr 168 bnr 46) • Neste bolk: Åsheim (Fedje gnr 168 bnr 58)