Østvoll (Fedje gnr 170 bnr 19)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Østvoll
S458.170.19.PICT0011.JPG
Garasjen og huset på bnr 19 i 1984.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 19
Adresse: Rognsvågen 27

Østvoll er ein bustadeigedom, dels brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Ingrid Ophaug f. 1931 Kopper (gnr 168 bnr 53-1c) d. 1974 g. 1957 m. Erling Hjelmeland f. 1935 Bru, Flora i Sunnfjord d. 2018, kokk. Skøyte 1960 på tomt frådelt Moldøyna gnr 170 bnr 3 same året. Huset vart bygd i 1962.

Born: a. Jan Robert Hjelmeland f. 1958, tømrar, g.m. Brita Stokken f. 1959 Stord, hjelpepleiar, bustad Bergen. b. Ellinor Iren Hjelmeland f. 1961, helsefagarbeidar, var g. 1984 m. Geir Henning Christianslund f. 1961 Alversund i Lindås, vedlikehaldsarb., busette Bergen, han flytta til Alversund. c. Laila Janne Hjelmeland f. 1966, autorisert helsesekretær, var samb.m. Østen Jacobsen f. 1969 Bergen, musikar, busette der. Laila samb.m. Arne Gunnar Olsen f. 1950, ingeniør, bustad Bergen.

Erling g.2.g. 1981 m. Edith Karina Hermansen f. 1939 Bergen, familien flytta dit i 1982.

Bjørn Ove, Jon Harald og Kristina framfor huset i 1984. Holmengrå i bakgrunnen.

2. Ester Leknes f. 1954 Osterøy (jf Hamreb. II s 521), adjunkt, g. 1975 m. Arvid Skogseth f. 1952, oppvaksen Stjørdal, Moelv i Ringsaker og Steinkjer, rekneskapsførar, historikar/bygdebokforfattar. Skøyte her i 1984. Familien kom frå Trondheim i 1982, dei budde først i Lørenskog.

Born: a. Bjørn Ove Leknes Skogseth f. 1976, sivilingeniør/systemutviklar, bustad Oslo. b. Kristina Skogseth f. 1980, neste medeigar (3). c. Jon Harald Leknes f. 1982, neste eigar (4).

Ekteskapet oppløyst, Arvid busett på Steinkjer, og Ester i Mo i Rana, samb.m. Torstein Pedersen f. 1950.

3. Kristina Skogseth f. 1980 Trondheim (jf 2b), lege/psykiater, samb. 2007 m. Tord Hagen f. 1974 Erdal på Askøy, landmålar, bustad Voss, frå 2011 Arna i Bergen. Ho var medeigar av huset frå 2001 til 2009.

           Born: a. Olav Skogseth Hagen f. 2010. b. Klara Skogseth Hagen f. 2012. c. Åsmund Skogseth Hagen f. 2016.

4. Jon Harald Leknes f. 1982 Trondheim (jf 2c), lektor, aktuar, samb. 2016, g. 2023 m. Siri Erstad f. 1985 Meland (jf Melandb. III s 367), grafisk designar/byggvarebutikkmedarb., så bedriftsøkonom/økonomileiar, bustad Frekhaug i Meland, Alver kommune. Han var medeigar frå 2001 til 2009, då han vart eineeigar. Jon Harald var lærar på Fedje frå 2008 til 2011. Huset vert brukt som fritidsbustad. Sokkelen vart renovert/ombygd i 2013, og vert utleigd.

Born: a. Johannes Erstad Leknes f. 2018. b. Solveig Erstad Leknes f. 2020, og c. Marie Erstad Leknes f. 2020 (tvillingar).

Leigebuarar i sokkelhusværet

5. Craig William Brownhill f. 1995, Master Distiller, g. 2022 m. Iona Alice McNab Grant f. 1995, begge frå Edinburgh i Skottland, budde her frå 2019 til 2022, då dei flytta tilbake til Edinburgh. Han var produksjonsleiar Feddie Ocean Distillery, og ho arbeidde òg der.


Fedje komm.svg Østvoll (Fedje gnr 170 bnr 19) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Soltun (Fedje gnr 170 bnr 18) • Neste bolk: Husøyna