Austgård (Fedje gnr 172 bnr 28)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Austgård
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 28
Adresse: Sildevågen 30

Austgård er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Johannes Hjønnevåg f. 1878 Solund (sjå Vågane gnr 172 bnr 9-1d) d. 1964 g. 1902 m. Ingeborg Andreasd f. 1879 Øyjord i Solund d. 1963 (dotter av Andreas Monsen f. 1844 d. 1930 og Johanna Bertelsd f. 1836 d. 1920, jf Solundb. I s 179 og Gulenb. III s 157. Johanna var søskenbarn til Nils i Sulo gnr 169 bnr 56-1). Ingeborg var søskenbarn til Lovise Børhaug (gnr 168 bnr 33-1). Som nemnt under gnr 172 bnr 9-1, flytta Johannes og Ingeborg hit i 1918. Dei fekk dette bruket, etter at jorda vart delt i 1921, med tinglyst skøyte på deira del i 1937. Dei sette opp hus her. Johannes var fiskar, i tillegg hadde dei kyr og sauer. Han var ei tid postførar for Holmengrå fyr.

Born: a. Karsten Hjønnevåg f. 1903 d. 1978 g. 1929 m. Karen Gullaksen f. 1905 Muren (gnr 168 bnr 82-le) d. 1965, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 98-1). b. Johanne Andrea Hjønnevåg f. 1904 d. 2000 g. 1923 m. Ludvig Ophaug f. 1902 (gnr 168 bnr 13-21g) d. 1974, bygde på Kopper (gnr 168 bnr 53-1). c. Margit Bergitte Hjønnevåg f. 1906 d. 1985, ugift, budde her, arb. Bjelland i 20 år. d. Ansgar Hjønnevåg f. 1911 d. 2000, neste eigar (2).

2. Ansgar Hjønnevåg f. 1911 på dette bruket (1d) d. 2000 g. 1947 m. Olga Karlsen f. 1917 Muleide (gnr 169 bnr 7-4g) d. 2001. Skøyte i 1949 på jorda, etter at broren Karsten fekk frådelt tomt året før. Skøyte 1957 på våningshuset. Ansgar var i den norske marinen under krigen. Seinare var han fiskar og bonde, dei hadde sauer og høns, og dyrka poteter og gulrøter. Dei flytta til Bergen i 1970, og til Øystese i Kvam i 1995.

Born: a. Aud Oddrun Hjønnevåg f. 1949, seinare eigar (4). b. Ingvar Hjønnevåg f. 1952, neste eigar (3).

3. Ingvar Hjønnevåg f. 1952 på dette bruket (2b), industriarb., g.1.g. 1975 m. Jorunn Karin Løvås f. 1957 Bergen. Ekteskapet oppløyst, hennar bustad Fjell, seinare Kristiansund.

Barn: a. Kenneth André Løvås Hjønnevåg f. 1975, bustad Bergen, sidan Leikanger, no i Sogndal kommune.

Ingvar Hjønnevåg g.2.g. 1978 m. Randi Agnete Sætre f. 1960 Bergen, bustad Straume i Fjell, Øygarden kommune. Han fekk skøyte på bnr 28 i 1974.

Born: b. Iren Terese Hjønnevåg f. 1978, bustad Åsane i Bergen. c. Daniel Johannes Hjønnevåg f. 2001, bustad Bergen.

4. Aud Hjønnevåg f. 1949 på dette bruket (2a), syerske/butikkeigar, var g. 1968 m. Trygve Oskar Hansen f. 1944 Askøy d. 2016, maskinentreprenør, bustad Norheimsund, Kvam. Dei fekk i 1976 skøyte på frådelt jord gnr 172 bnr 142, sjå der. Ho fekk skøyte på halvparten av bnr 28 av broren (3) i 1977.

Born: a. Torunn Agnete Hansen f. 1969, neste medeigar (5). b. Anita Hansen f. 1972, neste medeigar (6). – Dei to søstrene fekk skøyte på mora sin halvpart i 1994, og på onkelen sin halvpart i 2018. Det er ein fritidseigedom.

5. Torunn Hansen f. 1969 (jf 4a) g. 1988 m. Terje Sørheim f. 1966, bustad Norheimsund. Ho eig ½.

Born: a. Tommy Sørheim f. 1988, bustad Ålvik i Kvam. b. Kristian Sørheim f. 1991, bustad Norheimsund.

6. Anita Hansen f. 1972 (jf 4b) var g.1.g. 2000 m. Alf Ekaas Sandven f. 1970, busette Øystese i Kvam. Ho eig ½.

Born: a. Arild André Sandven f. 1989, bustad Norheimsund. b. Karina Sandven f. 1992, bustad Bergen.

Anita Hansen g.2.g. 2013 m. Øyvind Sørnes f. 1967, bustad Øystese.


Fedje komm.svg Austgård (Fedje gnr 172 bnr 28) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Våge (Fedje gnr 172 bnr 9) • Neste bolk: Brattvoll (Fedje gnr 172 bnr 98)