Solheim (Fedje gnr 168 bnr 61)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solheim (Fedje gnr 168 bnr 61)
S079.168.61.CD 11 040.jpg
Flyfoto 1961, Kopper og Husa. Bedehuset til venstre, «Filialen» og skulehuset rundt midten. «Klubben» og «Strengen» på midten framme. Heilt framme Kåberget der straumaggregatet var frå 1947 til 1955, då det vart lagt straumkabel over fjorden. Uthaugen framme til venstre, Rognsvågen og Svena i bakgrunnen.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 61
Adresse: Mulevegen 10

Solheim er ein bustad med butikklokale i Fedje kommune.

1. Alfred Børhaug f. 1904 (gnr 168 bnr 33-1b) d. 1988 fekk skøyte 1938 på tomt frådelt gnr 168 bnr 3 i 1935. Han sette opp forretningsbygg med husvære her, men budde sjølv med familien på Børhaugen (gnr 168 bnr 60-1), der han òg dreiv butikk. Butikken her leigde han ut, og den vart kalla «Filialen».

2. Andreas Gudmundsen f. 1909 Austevoll (sjå Husa gnr 168 bnr 6-3ea) d. 1991 g. 1935 m. Anna Waage f. 1913 Austevoll (jf Husa gnr 168 bnr 10-6ca) d. 1988 leigde og dreiv butikken frå 1938 til 1943. Sjå òg Kopper gnr 168 bnr 84-1. Andreas var seinare handelsmann på Spildepollen i Sund (sjå Sundb. V s 56).

Adoptivborn: a. Kristmann Gudmund Gudmundsen f. 1942 g. 1965 m. Målfrid Halldis Havsgård f. 1942 Fusa (jf Fusab. II s 303), bustad Knarrvika i Fjell, seinare Olsvik i Bergen. b. Jenny Lorentze Gudmundsen f. 1949 g. 1969 m. Terje Magnar Fjell f. 1943 Søre Fjell (jf Fjellb. V s 575), busette der, flytta i 2012 til Foldnes i Fjell, no Øygarden kommune.

3. Richard Børhaug f. 1910 (gnr 168 bnr 33-1e) d. 1979 g. 1933 m. Gudny Rognsvåg f. 1912 (gnr 167 bnr 4-1a) d. 2010. Skøyte her frå nr 1 i 1944 for 3000 kr. Dei dreiv landhandelen vidare. Dei var dei første som hadde bil på Fedje, ein personbil kjøpt i 1944. Etter krigen kjøpte dei lastebil, og seinare varebil. Skøyte på tilleggsareal bnr 207 frådelt gnr 168 bnr 1 i 1967. I 1977 gjorde dei ein bytehandel, og kjøpte Børhaugen gnr 168 bnr 60, sjå der (3).

Born: a. Einar Magnus Børhaug f. 1933, lærar, rektor, g. 1955 m. Målfrid Kristine Myrold f. 1937 Eid i Nordfjord, bustad Bergen. b. Leif Rasmus Børhaug f. 1935 d. 2014, lagersjef, g. 1957 m. Lillian Ophaug f. 1938 Kopper (gnr 168 bnr 53-1d), bustad Bergen. c. Roald Geirmund Børhaug f. 1942 g. 1963 m. Marit Sagstad f. 1945 Bergen, bustad Arna i Bergen.

4. Rolf Rognsvåg f. 1944 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17j) d. 1999 g. 1967 m. Marit Ophaug f. 1947 Kopper (gnr 168 bnr 116-1c, sjå der) d. 2023. Dei budde først på Børhaugen (gnr 168 bnr 60-2), der dei dreiv butikken. I 1977 gjorde dei ein bytehandel med nr 3, og fekk skøyte her. Same året skøyte på tilleggsareal bnr 289 frådelt gnr 168 bnr 3. Dei dreiv «Filialen» vidare til 1985, då det nye forretningsbygget til AS Fedje Senter vart opna på Kopper (gnr 168 bnr 335). Seinare har underetasjen vore leigd ut, m.a. til blomsterhandel. Marit busett Svena (gnr 168 bnr 343-7).

Born: a. Rose Rognsvåg f. 1968, bustad Grenda (gnr 168 bnr 216-4). b. son f. 1974 d. same dagen han vart fødd. c. Vivian Rognsvåg f. 1975, neste eigar (5).

5. Vivian Rognsvåg f. 1975 (jf 4c), kokk for sjukeheimen, var samb.m. Robert Hermansen f. 1959, dreiv butikken Fedje Handel AS. Han flytta til Bergen. Ho fekk skøyte i 2000.

Born: a. Martin Rognsvåg Hermansen f. 1998, industrimekanikar, bustad Bergen. b. Rolf Rognsvåg Hermansen f. 2001, visekorporal, bustad Setermoen i Bardu.


Fedje komm.svg Solheim (Fedje gnr 168 bnr 61) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Åsheim (Fedje gnr 168 bnr 58) • Neste bolk: Steinvik (Fedje gnr 168 bnr 70)