Mulevegen 3 (Fedje gnr 168 bnr 335)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mulevegen 3
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 335
Adresse: Mulevegen 3

Mulevegen 3 er ein bustadeigedom, opphaveleg eit næringsbygg, i Fedje kommune.

1. AS Fedje Senter sette opp forretningsbygg i 1985 på tomt frådelt gnr 168 bnr 1 og gnr 168 bnr 3 året før. Bygget vart leigt ut til Fedje Handel AS, stifta av Rolf Rognsvåg (Kopper gnr 168 bnr 61-4) og Terje Storemark (Husøyna gnr 168 bnr 327). Selskapet dreiv landhandel her, butikkane på Kopper gnr 168 bnr 61 («Filialen») og Kremmarholmen gnr 169 bnr 6 («Holmen») vart samstundes nedlagde. Frå 1986 var dette den einaste daglegvareforretningen på Fedje. I 2. høgda leigde likningskontoret lokale, det vart seinare nedlagt. Butikken vart flytta til Muren (gnr 168 bnr 47) i 2016.

2. Fedje kommune fekk skøyte i 2019. Bygget var ombygd til 6 husvære for utleige. Utebuer vart sette opp.

Leigetakarar

Mulevegen 3A

3. Harry Wiken f. 1926 d. 2019 g. 1956 m. Margaret Hopland f. 1933 d. 2022, budde før i Vika (gnr 168 bnr 152-1), sjå der. Ho flytta til sjukeheimen.

Bustaden vert nytta av legane som er tilknytte legekontoret frå 2021/2022.

4. Kristine Borgemyr f. 1979 Mosterhamn på Bømlo, busett der, kommuneoverlege.

5. Yngve Kiserud f. 1978, bustad Bergen, kommunelege.        

6. Geirmund Olav Furnes f. 1975 Bygstad i Gaular, bustad Voss, kommunelege.

7. Kristin Synøve Ruenes f. 1980, bustad Vennesla, kommunelege.

Mulevegen 3B

8. Marie Karlsen f. 1935 Eriksen, Husa (gnr 168 bnr 50-1b), budde før på Kremmarholmen (gnr 169 bnr 62-2), sjå der.

Mulevegen 3C

9. Ingrid Ophaug f. 1931 Eriksen, Husa (gnr 168 bnr 50-1a), budde før på Svena (gnr 168 bnr 121-1), sjå der.

Mulevegen 3D

10. Andreas Andersen Sæbø f. 1995 Knarvik i Lindås, lærar, flytta hit i 2019, samb.m. Sofie Storemark f. 1996 frå Husøyna gnr 168 bnr 437-1a. Seinare bustad Bergen.

11. Ellinor Rognsvåg f. 1936 Storemark (gnr 172 bnr 96-lb), flytta hit i 2022, budde før i Rognsvågen (gnr 167 bnr 9), sjå der.

Mulevegen 3E

12. Marie Moldøy f. 1933 Snekkevik, Fjell, budde før i Moldøyna (gnr 170 bnr 6-16), sjå der.

Mulevegen 3F

13. Andreas Hagen f. 1978 g. 2002 m. Ragnhild Kvanneid f. 1980, begge frå Kristiansand, der dei budde før. Dei flytta til Hesthaugen (gnr 169 bnr 76-7), sjå meir der.

14. Andreas Eikhaug Valklev f. 1993 samb.m. Kaja Kleppe Johannessen f. 1999, begge frå Bergen og budde før der.

           Barn: a. Olivia Kleppe Valklev f. 2020.


Fedje komm.svg Mulevegen 3 (Fedje gnr 168 bnr 335) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulevegen 6 (Fedje gnr 168 bnr 239) • Neste bolk: Stormarkvegen 17 (Fedje gnr 168 bnr 352)