Sylvartun (Fedje gnr 168 bnr 152)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sylvartun
S301.168.152.DJI 0258.JPG
Bilde 2016. Fremst ligg bnr 152 til venstre og bnr 56 til høgre, med bnr 25 Nord-Tangen rett bak. Til venstre er Brotet og Børhaugen, bakom stikk Kremmarholmen ut og bak der Mulen. Skotholmen og Moldøyna ligg bak til høgre.
Foto: Arne Wiken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 152
Adresse: Skotholmevegen 10

Sylvartun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

M/S «Feiebas» H-111-FE, byggeår 1968, lengd 110 fot, motor 570 HK Caterpillar. Eigarar Harry Wiken, Ingvar Husa, Harald Horne og Arvid Stormark.

1. Harry Wiken f. 1926 Børhaugen (gnr 168 bnr 312-la) d. 2019 g. 1956 m. Margaret Helen Hopland f. 1933 Austrheim d. 2022 (jf Austrheimb. II s 660), pleiemedhjelpar. Skøyte 1957 på tomt frådelt gnr 168 bnr 28 same året. Tomta er på den delen av Vika som ligg mellom Brotet, Børo og Tangane, sjå kart. Huset vart bygd i 1958. I 1981 skøyte på gnr 168 bnr 23 Byttestykket. Eit naust ligg på tomta bnr 450, frådelt gnr 168 bnr 23 i 2006. Harry var kystskipper og fiskar, medeigar M/S «Ragna» og «Feiebas», styrmann på redningsskøyta i ni år, til slutt losbåtførarvikar. Han og Margaret flytta til Kopper (gnr 168 bnr 335-3).

Born: a. Irene Wiken f. 1957, arb. Posten, g. 1984 m. Knut Skjervheim f. 1957 Voss, forskar landbruksmaskiner, busette der. b. Torhild Wiken f. 1958, sjukepleiar, g. 1981 m. Lars Solheim f. 1956 Eid i Nordfjord, elektrikar, busette der på Nordfjordeid, no Stad kommune. Ekteskapet oppløyst. c. Arne Henning Wiken f. 1960, neste eigar (2). d. Wenche Wiken f. 1963, sveisar, bustad Eid i Nordfjord, flytta til Stryn, helsefagarbeidar, samb.m. Geir Ove Tafjord f. 1958 Stryn. e. Henny Margrethe Wiken f. 1966, EDB-ingeniør, busett i Oslo, seinare Heggedal i Asker, samb.m. André Kelle f. 1966 Koethen, Sachsen-Anhalt i Tyskland.

2. Arne Wiken f. 1960 på dette bruket (1c), teleingeniør, budde før i Oslo, Nordfjordeid i Eid og Stryn. Skøyte på bnr 450 i 2008 og på bnr 152 i 2015. Arne kjærast m. Nina Nygård Moldøy f. 1962, sjå gnr 172 bnr 179.

Barn med tidl. samb. Kari Anna Halsteinslid f. 1966 Stryn, busett der: a. Ingeborg Halsteinslid Wiken f. 1998, bustad Stryn.


Fedje komm.svg Sylvartun (Fedje gnr 168 bnr 152) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Brekke (Fedje gnr 168 bnr 78) • Neste bolk: Steinborg (Fedje gnr 168 bnr 29)