Brekke (Fedje gnr 168 bnr 78)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brekke
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 78
Adresse: Sjånesvegen 1

Brekke er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Hansine Wiken f. 1910 (Vika gnr 168 bnr 28-15g) d. 1966 g. 1936 m. Ragnvald Konrad Kjeilen f. 1910 Lindås d. 1999 (jf Lindåsb. IV s 448, son av Ole Rasmussen f. 1884, jf Uthaugen gnr 168 bnr 67-1, og Augusta Larsd f. Langøy 1887, sjå Skotholmen gnr 170 bnr 1-18). Ho vart kalla Sina. Ragnvald var bror til Karoline Uthaug, Smineset gnr 169 bnr 37-1. Han var sjømann og fiskar. Skøyte 1939 på tomt frådelt gnr 168 bnr 28 same året. Huset vart bygd rett etter krigen, dei budde først hjå foreldra hennar. Naust hører til eigedommen. Dei flytta til Bergen om lag 1960.

Born: a. Aud Ragnhild Kjeilen f. 1940, neste eigar (2). b. Olav August Kjeilen f. 1942 d. 2001, oljearb., g. 1970 m. Oddlaug Sjursen f. 1945 Austevoll d. 2013 (jf Austevollb II s 466), hjelpepleiar, busette der. c. Ester Helene Kjeilen f. 1949, bustad Bergen, seinare Knarvik i Lindås, Alver kommune, var g.1966 m. Svein Rune Børslid f. 1944 Laksevåg i Bergen, busett der, var g.m. Odd Harald Bårdseng Storlid f. 1941 Bergen d. 2019 der. d. Signe Jorunn Kjeilen f. 1954, seinare Wiken, g. 1970 m. Alf Oddvar Bjørndal f. 1948 Bergen, busette der. Ekteskapet oppløyst. Signe samb.m. Jan Bringeland f. 1959 Åsane i Bergen, busette der. Sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 20.

Enkjemannen Ragnvald Kjeilen g.2.g. 1967 m. Dagny Bolette Torsvik f. 1910 Halvorsen, Bergen  d. 1977, og g.3.g. 1979 m. Tally Lauvås f. 1912 Lindås d. 2004, budde då der (sjå Lindåsb. IV s 192).

2. Aud Kjeilen f. 1940 på dette bruket (1a), syerske, bustad Bergen, g. 1958 m. Eilert Eriksen f. 1934 Bergen, sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 41. Ekteskapet oppløyst 1972. Aud fekk skøyte her i 1995.

Born: a. Mona Eriksen f. 1959 var g.m. Jørgen Kaastad f. 1953, busette Bergen. Mona g. 2.g. m. Asbjørn Lid f. 1946 Kvam, teknikar. b. Roy Eriksen f. 1960 g.m. Kanya Khamfoi f. 1973 Thailand, bustad Fana i Bergen. c. Einar Eriksen f. 1965, undervisningsleiar, g.m. russiske Tatjana f. 1967, bustad Fana. d. Petter Eriksen f. 1969, yrkessjåfør, var g.m. Janne Stenstø, busette Bergen. Petter g.2.g. m. Orawan Matchantika f. 1968 Thailand, bustad Fana.

3. Atle Nynes f. 1955 Askøy g. 1978 m. Tove Jacobsen f. 1959 Askøy, busette der. Es oppløyst. Han fekk skøyte i 1999, og flytta hit.

Born: a. Therese Nynes f. 1978, seinare Jacobsen, g. 2007 m. Truls Navjord f. 1976 Jessheim i Ullensaker, busette der. b. Christian Nynes f. 1982, seinare Jacobsen, bustad Askøy. c. Alexander Nynes f. 1988, bustad Askøy. d. Nichlas Andre Nynes f. 1993, bustad Askøy.


Fedje komm.svg Brekke (Fedje gnr 168 bnr 78) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vika (Fedje gnr 168 bnr 28) • Neste bolk: Sylvartun (Fedje gnr 168 bnr 152)