Flattun (Fedje gnr 168 bnr 216)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flattun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 216
Adresse: Skotholmevegen 5

Flattun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Odny Ophaug f. 1944 Skottland, jf Kopper (gnr 168 bnr 116-1b), heimesjukepleiar, g. 1963 m. Gunnar Arnold Riise f. 1941 Sortland, Nordland, sjømann. Skøyte 1969 på tomt frådelt gnr 168 bnr 31 (jf gnr 168 bnr 13-21) same året. Huset vart bygd i 1970. Ekteskapet oppløyst, dei flytta til Bergen. Ho bygde sidan hus i Rognsvågen (gnr 167 bnr 14).

Born: a. Siw Grethe Riise f. 1964 var samb.m. Reidar Finnesand f. 1960 Mosterøy d. 2014, bustad Jørpeland i Strand, Rogaland. b. Dagfinn Michael Olai Riise f. 1966, bustad Bergen, seinare hjå mora i Rognsvågen, sjå der (gnr 167 bnr 14). c. Sue Janne Riise f. 1970, sjå Rognsvågen (gnr 167 bnr 2).

2. Fedje kommune fekk skøyte her i 1987.

Leigetakarar:

3. Marie Stokholm f. 1958 (gnr 170 bnr 1-18g), fiskeindustriarb., g. 1980 m. Richard Olav Sivertsen f. 1948 Veidholmen, SmølaNordmøre, fiskar. Dei budde tidlegare der. Ekteskapet oppløyst, Richard busett på Veidholmen. Marie seinare busett i Husøyna (gnr 170 bnr 28-2).

Born: a. Caroline Stokholm Sivertsen f. 1981, butikkmedarbeidar, g. 2006 m. Vidar Einebærholm f. 1982 Byrknesøy i Gulen (jf Gulenb. III s 254), fiskar, busette der. b. Yngve Richard Stokholm Sivertsen f. 1982, ingeniør, g. 2011 m. Mathilde Holmås f. 1982 Veidholmen, Smøla, sjukepleiar, bustad Kristiansund.

4. Rose Rognsvåg f. 1968 Kopper (gnr 168 bnr 61-4a), hjelpepleiar, budde før i Bergen. Skøyte i 2001.

Barn med Atle Kobbeltvedt f. 1966, busett i Bergen: a. Carina Rognsvåg Kobbeltvedt f. 1996, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Flattun (Fedje gnr 168 bnr 216) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Villatun (Fedje gnr 168 bnr 158) • Neste bolk: Muren