Bøgaren (Fedje gnr 168 bnr 84)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bøgaren
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 84
Adresse: Kalvedalen 1

Bøgaren er eit bygg med forretningslokale i Fedje kommune. Ei tid var det bustad her.

1. Andreas Gudmundsen f. 1909 Austevoll d. 1991 kjøpte ei tomt frådelt gnr 168 bnr 3 i 1943. Han budde då på Kopper gnr 168 bnr 61-2, sjå der.

2. Austrheim og Fedje Sparebank vart stifta i 1911, og hadde kontordagar på Fedje frå 1924. Den fekk skøyte her i 1961. Det vart reist eit bygg i 1969 med kontorlokale til banken og trygdekontoret i 1. høgda. Seinare vart banken ein del av Sparebanken Vest (Sparebank 1 Vest frå 1996). I 2. høgda vart det bygd eit husvære. Den eine delen av dette vart seinare innreidd til kontor for presten.

Leigetakarar:

3. Kari og Jens Husa budde her frå 1969 til 1981, då dei bygde i Husøyna gnr 168 bnr 315, sjå der.

4. Petter Johannessen f. 1970 Årås i Austrheim (jf Austrheimb. II s 393), adjunkt, budde her frå 1994 til 2001, seinare bustad Stavanger og så Lindås, flytta til Austrheim.

5. Fedje kommune fekk skøyte i 2009. Servicekontoret til kommunen og soknerådskontoret har lokale her, begge i 1. høgda. Huset vart påbygd rundt 2009 i 2. høgda med arker, der det er det lokale for Hjartebanken, eit sosialt tiltak.


Fedje komm.svg Bøgaren (Fedje gnr 168 bnr 84) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Steinvik (Fedje gnr 168 bnr 70) • Neste bolk: Fredtun (Fedje gnr 168 bnr 85)