Steinvik (Fedje gnr 168 bnr 70)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinvik
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 70
Adresse: Kopper 4

Steinvik er eit småbruk i Fedje kommune, no brukt som feriebustad.

1. Torborg Koppen f. 1906 (gnr 168 bnr 4-5d) d. 1989 g. 1928 m. Karsten Helfred Thoresen, Horten f. 1902 d. 1969. Dei sette opp hus i 1937 på tomt frådelt gnr 168 bnr 4 i 1938. Torborg fekk ein firedel av jorda på gnr 168 bnr 4 i 1946 (sjå nr 5 der) med nytt bnr 100. Karsten var stuert og kvalfangar, m.a. i Sør‑Afrika og Sydisen før krigen. Etter krigen var han medeigar i M/S «Sversling».

Born: a. Jan Kåre Thoresen f. 1929 d. 2002, neste eigar (2). b. Dagny Helga Thoresen f. 1931 d. 2021 g. 1952 m. Gøsta Selmer Pettersson f. 1923 Bergen d. 1980, ingeniør, budde der til i byrjinga på 1960-talet, då dei flytta til Asker. c. Kirsten Tordis Thoresen f. 1933 d. 2001 g. 1957 m. Arne Sandland f. 1931 Grimstad d. 2014, kjøkkensjef, bustad Tjølling, Larvik. d. Gunvor Thoresen f. 1936 d. 2020, kantinestyrar, g.m. Per Arne Bakkeli f. 1937 Toten, Oppland, bustad Drammen. e. Thorbjørn Daniel Thoresen f. 1939, verkstadarb., g. 1962 m. Solfrid Helen Klubnes f. 1942 Narvik, budde i Haugesund til midten på 1980-talet, flytta til Tjølling, Larvik. f. Johannes Åge Thoresen f. 1947, lærar, g.m. Diana Elliot f. London, bustad Tjølling, Larvik.

Dei seks søskena fekk skøyte på bnr 100 i 1987. 2. Jan Thoresen f. 1929 på dette bruket (1a) d. 2002, fiskar og sjømann, var g.m. Olga Opdal f. 1940 Bergen, busette der. Jan fekk skøyte på bnr 70 i 1986, og var busett her.

Born: a. Gro Thoresen f. 1972 g. 1996 m. Øystein Fykse f. 1965, bustad Bergen. b. Synnøve Thoresen f. 1977, bustad Bergen.

3. Alfred Lunde f. 1945 Kopper (gnr 168 bnr 106-1c) g. 1966 m. Karen Ann Wuflestad f. 1946 Seattle i staten Washington, USA, busette der, fekk skøyte på bnr 70 og bnr 363 saman med nr 4 i 2005. Alfred er fetter til Jan (2). Huset vert brukt som feriebustad. Naust vart bygd i 2012 på tomt bnr 363 frådelt gnr 168 bnr 100 (sjå ovanfor) i 1986.

Born, alle bustad Seattle: a. Kristina Marie Lunde f. 1968 g. 1998 m. Rick John Hagemeier f. 1968 Ida Grove i Iowa, USA. b. Larry Robert Lunde f. 1971 g. 1996 m. Kristen Beth Hawksford f. 1973 Seattle. c. Martin Jacob Lunde f. 1975 g. 2016 m. Jessica Rae Luce f. 1982 Seattle. d. Andrew Krag Lunde f. 1977 g. 2001 m. Devany Wilson Thiffault f. 1978 Seattle.

4. Sissel Villanger f. 1954 Grenda (gnr 168 bnr 158-1b), kontormedarbeidar, g. 1974 m. Harry Kåre Hammer f. 1953 Mellingen på Radøy (jf Radøyb. V s 332), fiskeoppdrettar, budde der til 1986, då dei flytta til Victoria i British Columbia, Canada. Dei fekk skøyte på bnr 70 og bnr 363 saman med nr 3 i 2005. Jan (2) var fetter til mor til Sissel.

Born: a. David Hammer f. 1976 g. 2012 m. Marit Kaarstad Dahl f. 1983 Bardufoss i Målselv, bustad Moss. Han gav i 2021 ut Med diesel og damp over fjorden Rutebåttrafikk til Fedje 1869 – 2021. b. Kristil Hammer f. 1979 g.m. Colin Coots f. Prince George i Canada, bustad Victoria. c. Rebekka Hammer f. 1981 g.m. Anne Stibbens f. Canada, bustad Toronto, seinare Victoria.


Fedje komm.svg Steinvik (Fedje gnr 168 bnr 70) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solheim (Fedje gnr 168 bnr 61) • Neste bolk: Bøgaren (Fedje gnr 168 bnr 84)