Sjøtun (Fedje gnr 168 bnr 60)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjøtun
S261.168.60.CD 09 069.jpg
Butikken på Børhaugen (bnr 60) på 1950-talet, notarbeid på kaien.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 160
Bnr: 60
Adresse: Sjånesvegen 12

Sjøtun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Alfred Børhaug f. 1904 (gnr 168 bnr 33-1b) d. 1988 g. 1931 m. Anna Kulshamar f. 1906 Vaksdal d. 1975 (sjå Vaksdalb. III s 325). Huset vart bygd i 1930, med forretning i underetasjen. Skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 33 i 1935. Skøyte på tilleggsareal bnr 159 frådelt gnr 168 bnr 33 i 1958, og bnr 180 frådelt gnr 168 bnr 23 i 1961. Dei bygde òg forretningsbygg på Kopper (gnr 168 bnr 61, «Filialen»). I tillegg var Alfred fiskehandlar, m.a. på Torget, og handelsmann på Tuft i Åsane, Bergen (jf Åsaneb. II s 272). Han og Anna flytta til Knarvik, Lindås i 1969. Det siste leveåret budde Alfred i Bergen.

Born: a. Lillian Ragna Børhaug f. 1932 d. 2013, barnepleiar, g. 1962 m. Dagfinn Magne Høie f. 1935 Sandnes d. 2014, typograf, bustad Åsane i Bergen. b. Knut Anker Børhaug f. 1938 d. 2001 g. 1961 m. Eldbjørg Ekeberg f. 1941 Fusa, sjå Børhaugen gnr 168 bnr 137-3. c. Ingunn Børhaug f. 1940, finansmeklar, g. 1967 m. Terje Ivan Leiren f. 1943 USA (jf Vaksdalb. III s 346), professor i norsk historie, bustad Seattle, USA. d. Ada Aud Børhaug f. 1947, hjelpepleiar, g. 1967 m. Martin Dahl Helland f. 1940 Skålvika i Fitjar, elektrikar, busette der (sjå Fitjarb. II s 238), flytta til Stord.

2. Rolf Rognsvåg f. 1944 d. 1999 g. 1967 m. Marit Ophaug f. 1947 d. 2023 kjøpte forretningsbygget i 1969, og dreiv butikken vidare. Skøyte tinglyst 1970 på bnr 159 og 180. I 1977 gjorde dei ein bytehandel, og selde her mot å kjøpa «Filialen» på Kopper gnr 168 bnr 61-4, der familien er ført.

3. Richard Børhaug f. 1910 d. 1979 g. 1933 m. Gudny Rognsvåg f. 1912 d. 2010. Dei budde tidlegare på Kopper (gnr 168 bnr 61-3), og dreiv «Filialen», familien er ført der. Dei kjøpte eigedomen her i 1977, då Marit og Rolf Rognsvåg (2) overtok «Filialen». Same året flytta Richard og Gudny til Bergen.

4. Sønene til nr 3 (sjå Kopper gnr 168 bnr 61-3) fekk skøyte i 1979 på eigedomen på denne måten: Einar og Roald Børhaug på bnr 60, som er huset. Leif Børhaug på bnr 159, som er sjøbua. Alle tre brørne på bnr 180 og 297, som er kaiområdet. Dei er busette i Bergen, eigedomen vert brukt til ferieføremål.


Fedje komm.svg Sjøtun (Fedje gnr 168 bnr 60) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Børhaug (Fedje gnr 168 bnr 33) • Neste bolk: Lykkestrand (Fedje gnr 168 bnr 74)