Toskarhaugen (Fedje gnr 168 bnr 51)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Toskarhaugen
S137.168.51.CD 06 003.jpg
Utsyn frå Toskarhaugen, 1950-talet. Husavågen med mange båtar ved Råberget i samband med størjefisket. Bjelland sitt bygg er komme opp (midt til venstre). Butikken (bnr 59) og huset (bnr 62) til Ludvik Husa framme til høgre. Uthaugen i midten.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 51
Johannes Husa (bnr 11-8j) på vindmølle i 1940. Den stod på Toskarhaugen før krigen, og hadde batterihus, som vart brukt til opplading av radiobatteri o.l. Denne vindmølla vart fjerna under krigen. Etter krigen sette Anders Oolsen Husa (bnr 11) opp to nye vindmøller, som vart brukt til elektrisk lys i huset hans og hjå broren Johan. Anders hadde verkstad i naustet og monterte og reparerte båtmotorar. På bnr 63 var det òg vindmølle som produserte straum til lys frå 1942, sameleis etter krigen på Moldøyna bnr 3-23. Då lysaggregatet på Råberget kom i 1947 vart det slutt på desse vindmøllene.

Toskarhaugen er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Maria Husa f. 1884 (gnr 168 bnr 11-7g) d. 1961, ugift, fekk skøyte i 1929 på tomt utskild frå gnr 168 bnr 11 same året, og sette opp huset i 1938. Ho tok eksamen ved Volda lærarskule i 1904, og var vikarlærar på Fedje, deretter lærar i Haugesund og så Bergen fram til 1945, og budde her som pensjonist. Skøyte 1957 på tilleggsareal bnr 151 frådelt gnr 168 bnr 125 (sjå gnr 168 bnr 48) same året.

Utsyn over den nordlege delen av Fedje i 2016. Huset på bnr 51 Toskarhaugen ligg fremst.
Foto: Arne Wiken

2. Søsterdottera til nr 1, Hilda Husa f. 1907 d. 1991 (jf Husa gnr 168 bnr 11-7ba) g. 1940 m. Leif Thornquist f. 1899 Bergen d. 1981 vart eigarar her i 1962. Dei budde i Bergen.

Barn: a. Inger-Lise Thornquist f. 1945, neste eigar (3).

3. Inger-Lise Thornquist f. 1945 Bergen (jf 2a) g. 1965 m. Helgi Laxdal f. 1945 Island, bustad Bergen. Ho fekk skøyte på bnr 51 og 151 i 1976.

Born: a. Helene Thornquist Laxdal f. 1965, bustad Bergen. b. Kristin Laxdal f. 1967 g. 2007 m. Tom Olav Høvik f. 1961 Bergen, busette der.

4. Trond Eriksen f. 1964 Husa (gnr 168 bnr 50-2a) g. 1994 m. Åse Vikse f. 1961 Haugesund, busette der. Han var eigar frå 1991.

Barn: a. Tomine Vikse f. 1994, bustad Trondheim, seinare Oslo. b. Othea Vikse f. 1996, bustad Oslo.

5. Egil Træland f. 1944 Bergen g. 1967 m. Tove Brygfjell f. 1945 Bergen, bustad Åsane i Bergen, fekk skøyte på bnr 51 og 151 i 1994, og brukte huset som feriebustad.

Born: a. Per Eirik Træland f. 1967, bustad Åsane. b. Birgitte Træland f. 1973, bustad Åsane. c. Ørjan Træland f. 1977, bustad Liaskjeret i Fjell, Øygarden kommune.

6. Mette Martens f. 1948 Bergen, sjukepleiar, busett der. Skøyte i 2006. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Barn frå es. m. Reiner Nordsveen f. 1948 Gjøvik, seinare bustad Bærum: a. Martin Martens Nordsveen f. 1976, lektor, bustad Bergen.






Fedje komm.svg Toskarhaugen (Fedje gnr 168 bnr 51) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solstrand (Fedje gnr 168 bnr 50) • Neste bolk: Lihaug (Fedje gnr 168 bnr 54)