Lihaug (Fedje gnr 168 bnr 54)
Lihaug | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 54 |
Adresse: | Mulevegen 36 |
Lihaug er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
1. Abelona Ivarsd f. 1899 Husa (gnr 168 bnr 12-7f) d. 1968 g. 1925 m. Ragnvald Martinussen f. 1899 Husa (gnr 168 bnr 104-1a) d. 1974, fiskar. Dei fekk skøyte på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 12 i 1931 for 500 kr, og sette opp hus i 1932.
Born: a. Reidar Alf Husa f. 1926 d. 1997, neste eigar (2). b. Gunvor Andrea Husa f. 1929 d. 2002 g. 1950 m. Olaf Nilsen f. 1926 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-7e) d. 1988, busette i Sulo (gnr 169 bnr 50-2). c. Ivar Husa f. 1932 d. 2013, seinare eigar (3). d. Maud Husa f. 1939 d. 5 dg gl.
2. Reidar Husa f. 1926 på dette bruket (1a) d. 1997 fekk skøyte i 1968, ugift, arb. Bjelland. Skøyte 1978 på tilleggsareal bnr 291 frådelt gnr 168 bnr 12.
3. Ivar Husa f. 1932 på dette bruket (1c) d. 2013, stuert, g. 1961 m. Anna Marie Mongstad f. 1934 Lindås, butikkmedarb., budde på Mongstad til raffineriet vart bygd (jf Lindåsb. IV s 540), flytta i 1972 til Alvermarka i Lindås, no Alver kommune. Skøyte i 1997. Huset vert brukt som fritidsbustad.
Born: a. Erling André Husa f. 1963, neste eigar (4). b. Ann Iren Husa f. 1964, bustad Bergen. c. Rune Normann Husa f. 1966, bustad Alvermarka (sjå Alversundb. II s 609).
4. Erling Husa f. 1963 (jf 3a), bustad Alvermarka, fekk skøyte i 2016.
Lihaug (Fedje gnr 168 bnr 54) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Toskarhaugen (Fedje gnr 168 bnr 51) • Neste bolk: Nordstrand (Fedje gnr 168 bnr 59) |