Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 100)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lyngtun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 100

Lyngtun er ein eigedom i Fedje kommune.

Familiebilde bnr 100. Bak frå venstre: Andreas, Klara, Kalle (framom), Herbert, Harald (framom), Karen, Olaug, Helga. Framme frå venstre: Karl Husa, Johanne, Gurine, Aksel, Gunhild, Gunvor, Hans Kjeilen.


1. Gunhild Karlsd Husa f. 1898 (husmenn 4a) d. 1983 g. 1916 m. Hans Bertin Hansen Kjeilen f. 1896 Lindås d. 1970 (son av Hans Bertin Josefsen f. 1863 d. 1937 og Gurina Larsd f. 1864 d. 1947, jf Lindåsb. IV s 443). Dei budde først hjå foreldra hennar på Husa. I 1927 bygde dei huset her. Tomta vart frådelt gnr 172 bnr 37 i 1941 og kjøpt av sonen Herbert. Hans var fiskar, vegarbeidar, arb. på tranfabrikken. Dei hadde ei ku. Dei flytta til Meland til dottera Olaug på 1960-talet.

Born: a. Klara Gitlaug Kjeilen f. 1917 d. 1998 g. 1937 m. Nils Sætre f. 1909 Austrheim d. 1995, trearbeidar, busette på Sætre, så i Bergen, flytta til Austrheim som pensjonistar (jf Austrheimb. II s 70 og 93). b. Herbert Georg Kjeilen f. 1919 d. 1988, arb. Haakonsvern, g. 1941 m. Ester Amanda Hopland f. 1916 Mastrevikane, Sætre i Austrheim d. 1988, bustad Mastrevikane, seinare Bergen (sjå Austrheimb. II s 84 og 97). c. Karen Beate Kjeilen f. 1921 d. 2012 g. 1951 m. Johan Andreas Våge f. 1918 Austevoll d. 2006 (jf Austevollb. I s 312), stålindustriarb., bustad Frekhaug i Meland (jf Melandb. II s 485). d. Helga Olava Kjeilen f. 1924 d. 2016 g. 1947 m. Karl Breivik f. 1925 Stormark (gnr 172 bnr 4-6e) d. 2016, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 111-1). e. Olaug Charlotte Kjeilen f. 1925 d. 1999, syerske, g. 1948 m. Reidar Høyer Ramberg f. 1922 Hopland i Austrheim d. 2007 (jf Austrheimb. II s 614), starta og dreiv Frekhaug Stål AS, bustad Frekhaug i Meland (jf Melandb. II s 484, feil d.år på henne). f. Andreas Johan Kjeilen f. 1927 d. 2001, neste eigar (2). g. Karl (Kalle) Kjeilen f. 1928 d. 1997, brannmann, g. 1955 m. Jørunn Grundt f. 1932 Elverum, Hedmark, busette der. h. Harald Kjeilen f. 1929 d. 1930, 3 md gl. i. Harald Kjeilen f. 1930 d. 2008, sjåfør, g. 1956 m. Margot Magnhild Daae f. 1934 Kvalvågen i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 288 og 306), bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune (ho er brordotter til Hildborg Ingemårsen, Sulo gnr 169 bnr 69). j. Gunvor Kjeilen f. 1932 d. 2019 g. 1952 m. Henry Sigvard Fredriksen f. 1931 Bergen d. 2001, mekanikar, busette der. k. Johanne Marie Kjeilen f. 1933 d. 2003 g. 1957 m. Håkon Husa f. 1929 (gnr 168 bnr 104-3a) d. 2011, bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 259). l. Aksel Olai Kjeilen f. 1935, vaktmeister, g. 1958 m. Astrid Foss f. 1937 Kristiansand d. 2016, busette der, es. oppløyst. m. Gudveig Kjeilen f. 1937 d. 2½ md gl.

2. Andreas Kjeilen f. 1927 på dette bruket (1f) d. 2001 g. 1959 m. Ingeborg Husa f. 1934 (gnr 168 bnr 11-9a). Skøyte her i 1965, samt på tilleggsareal bnr 122 frådelt gnr 172 bnr 37 året før. Andreas var sjømann, fyrbetjent frå 1963, først på Holmengrå fyr, på Ryvarden fyr, Sveio frå 1970, fem år på Hellisøy fyr frå 1983, til slutt fyrvaktar på Oksøy fyr, Kristiansand til 1993. Familien flytta til Sveio i 1970. Huset er rive, berre eit uthus står att.

Born: a. Inge Andreas Kjeilen f. 1959 d. 1970. b. Terje Kjeilen f. 1960, bustad Askøy, seinare Karmøy, g. 2012 m. Gry Nes f. 1970 Åkrahamn på Karmøy. c. Asta Helen Kjeilen f. 1961, bustad Hafrsfjord i Stavanger. d. Heidi Grete Kjeilen f. 1963, bustad Frekhaug i Meland (jf Melandb. II s 530). Ho fekk skøyte på Lyngtun i 2023. e. Hans Kjeilen f. 1969 d. 2002, bustad Kopervik på Karmøy.


Fedje komm.svg Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 100) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Myre (Fedje gnr 172 bnr 37) • Neste bolk: Bergtun (Fedje gnr 172 bnr 103)