Bergtun (Fedje gnr 172 bnr 103)
Bergtun | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 172 |
Bnr: | 103 |
Bergtun er ein eigedom i Fedje kommune.
1. Gudmund Karlsen Bergtun f. 1914 Husa (husmenn 4g) d. 1993, fiskar, g. 1940 m. Agnes Marie Palmersen f. 1916 Radøy d. 2003. Skøyte på jord frådelt gnr 172 bnr 37 i 1941, samt halvdelen av våningshuset til gnr 172 bnr 37. Dei budde der til 1955, då dei flytta til Kvalheim, Radøy (sjå Radøyb. II s 95). Dei tok Bergtun til familienamn etter bruksnamnet.
Born: a. Anne Margrete Bergtun f. 1942 g. 1971 m. Svenn Owen Andersen f. 1945 Rørvik i Vikna d. 1991, budde der. Ekteskapet oppløyst. Hans seinare bustad Tromsø og hennar Arnatveit i Bergen. b. Mindur Kjell Bergtun f. 1944, overtok bruket på Kvalheim.
2. Andreas Kjeilen f. 1927 Nygård (gnr 172 bnr 100-1f) d. 2001 fekk skøyte i 1960 på jorda. Halve våningshuset var i 1955 skøytt tilbake til gnr 172 bnr 37, sjå nr 2 der.
3. Oddmund Husa f. 1939 Nygård (gnr 172 bnr 37-2b), fekk skøyte her i 1986. Sonen Arve Husa f. 1967, bustad Nygård (gnr 172 bnr 200) er eigar frå 2009. Det står eit uthus her.
Bergtun (Fedje gnr 172 bnr 103) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 100) • Neste bolk: Sørli (Fedje gnr 172 bnr 106) |