Husmenn på Berge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmenn på Berge tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Berge i Fedje kommune.

1. Andreas Mikkelsen Berg f. 1860 Husa (gnr 168 bnr 8-8a) d. 1913 g. 1882 m. Sina Larsd f. 1861 Stuberg (husmenn 3a) d. 1940. Husfolk her frå om lag 1887. Opphavleg hørte hustomta til Berge, men etter utskiftinga i 1896 vart huset ståande på Eide sin eigedom. Det står i utskiftingsprotokollen at stovebygningen skulle flyttast, men det er tvilsamt om det skjedde, for i folketeljinga 1900 låg plassen under Eide. Huset stod ved sida av tomta til Eide gnr 168 bnr 65. Andreas var fiskar, dessutan fyrte han i skulehuset og var ein slags vaktmeister der. Han omkom på sjøen under snørefiske den 18. mars 1913 saman med svogeren Engel Øksnes. Sina overtok fyringa i skulehuset. Ho budde her til 1928, då ho flytta til dottera Lovise som vart gift på Hellesøyna i Øygarden. I 1942 vart huset òg flytta dit.

Born: a. Johanna Larsina Andreasd f. 1882 d. 1923, sjå nr 2 her. b. Mikal Andreassen Berg f. 1884 d. 1957, ugift, utvandra til San Francisco, California 1904, kom heim igjen, budde på Sletta, Radøy, gravlagd på Fedje. c. Ludvik Andreassen f. 1887 d. 1888. d. Lina Tobia Andreasd f. 1889 d. 1977 g. 1915 Bergen m. skomakarsvein Anton Marius Hansen f. 1885 Kristiansund d. 1960, budde der. e. Kristoffer Bertin Andreassen Berg f. 1892, utvandra til USA i 1908, budde i Seattle, Washington, var trelastarbeidar, sidan dreiv han laksefiske i Alaska, heime på besøk i 1917 og 1926, gift med norskfødde Constance f. 1897 (emigrerte 1912). f. Udna Bertina Andreasd f. 1895 d. 1922 (tub.). g. Anne Sofie Andreasd f. 1898 d. 1919 (tub.). h. Tilla Marie Andreasd Berg f. 1900 d. 1955, fekk med fiskar Albert Sigurd Isaksen f. 1892 Åbornes i Nordfold, Steigen i Nordland d. 1943 der, dottera ha. Signe Marie f. 1923 d. 2003. Tilla og dottera flytta til Øygarden, og Tilla døydde der, ugift. Signe g.m. Ola Birger Strand f. 1923 Vågsøy d. 2001, budde der. i. Lovise Marie Andreasd f. 1904 d. 1980 g. 1928 m. Jonas Severin Karlsen Bakken f. 1902 Øygarden d. 1982, skipper brønnbåt, budde der.

2. Johanna Larsina Andreasd f. 1882 på denne plassen (1a) d. 1923 g. 1907 m. Hans Johnsen f. 1889 Hølleland, Myking i Lindås d. 1958 (son av Jon Gudmundsen f. 1853 og Hansina Trulsd f. 1856 d. 1937, jf Mykingb. s 173). Dei budde her hjå Johanna sine foreldre då dei eldste borna vart fødde. Hans var mekanikar på Laksevåg verft i Bergen, og familien flytta dit. Johanna døydde dagen etter at yngste barnet vart født, og det var kalla opp etter henne.

Born: a. Jenny Helmine Johnsen 1907 d. 1982 g.1.g. 1926 m. Magnus Elias Andersen f. 1904 Bergen d. 1927, budde der, styrmann på M/S «Eliken», døydde i Alger i Nord-Afrika, g.2.g. 1930 m. Amund Leofred Svendsen f. 1905 Kolstad, Hamarøy i Nordland d. 1987, valseverkarbeidar, bustad Laksevåg. b. Alfred Severin Johnsen f. 1908 d. 1980, valseverkarbeidar, g. 1929 m. Hansine Elise Magnussen f. 1909 Kransvik i Gildeskål, Nordland d. 1981, bustad Laksevåg. c. Hans Johnsen f. 1913 d. 1986 g. 1936 m. Anna Josefine Dyrdal f. 1911 Lindås d. 1975, budde der (jf Mykingb. s 88). d. Hjørdis Johanna Johnsen f. 1915 d. 1978 g. 1943 m. em. Johannes Korneliussen f. 1881 Vatsøy, Gulen i Sogn d. 1961 (sjå Gulenb. III s 402 nr 5e er foreldra), skipsførar, bustad Laksevåg. e. Kirsten Hardis Johnsen f. 1919 d. 1998 g. 1947 m. Arthur Oxholen f. 1920 Vågsøy i Nordfjord d. 1985, maskinist, bustad Fana i Bergen. Han døydde på Husnes i Kvinnherad. f. Ingeborg Johnsen f. 1921 d. ung. g. Johanna Larsina Johnsen f. 1923 d. 1983 g. 1948 m. Wilhelm Sigurd Oksholen f. 1924 Vågsøy d. 2001 (bror til 2e), budde der.

3. Ragna Kristiansen f. 1894 d. 1986 budde her ei tid med sønene sine, sjå Børhaugen gnr 168 bnr 137-2.


Fedje komm.svg Husmenn på Berge er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Berge (Fedje gnr 168 bnr 21/22) • Neste bolk: Berg (Fedje gnr 168 bnr 49)