Husmenn på Moldøyna
Husmenn på Moldøyna tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Moldøyna i Fedje kommune.
1. Knut Kristensen f. 1780 Kversøyna, Gulen d. 1847 (son av Kristen Knutsen f. 1753 d. 1831 og Eli Jonsd f. 1743 d. 1814, sjå Gulenb. III s 313) g. 1811 Gulen m. Anna Kristensd f. 1786 Byrknes d. 1849 av kolera (dotter av Kristen Jonsen f. 1745 d. 1822 og Brita Henriksd f. 1753 d. 1802, jf Gulenb. III s 198). Dei budde først på Koksøyna i Gulen, der dei to eldste borna er fødde. Omkring 1815 vart dei husfolk på Moldøyna.
Born: a. Eli Knutsd f. 1811 d. 1816. b. Brita Knutsd f. 1813 d. 1820. c. Vilken Knutsen f. 1815 d. 1820. d. Ellen Knutsd f. 1816, truleg død ung. e. Elias Knutsen f. 1819 d. 3 dg gl. f. Bendik Knutsen f. 1820 d. 1836, drukna på Fedjeosen saman med tenar på Moldøyna Kristian Nilsen Sætre 20 år (sjå Austrheimb. III s 488) under opptrekking av eit sildegarn. Begge vart attfunne. g. Kristen Knutsen f. 1823 d. 1825. h. Elias Knutsen f. 1825 d. 1901 g. 1861 m. enkja Ellen Larsd f. 1830 Bergen d. 1914, brukarar på Uthaugen (gnr 168 bnr 20-7). i. Vilken Knutsen f. 1827 d. 1912 g. 1857 Gulen m. Malena Endresd f. 1827 Byrknes d. 1900 (sjå Gulenb. III s 183), budde på Rånøy, Solund i Sogn (jf Solundb. I s 310 og 329).
Det var skifte etter Anna i 1849. Lausøyren vart seld for 26 spd, og etter at auksjons- og skiftekostnadene på 7 spd var betalte, vart det 19 spd til dekking av gjelda på vel 27 spd. Det vart såleis ingenting til arv. Anna sitt farsnamn er skrive på ymse måtar, ved skiftet var det Kristiansd, og ved barnedåpane Karstensd og Vilkensd, utanom det korrekte Kristensd.
2. Martinus Ingemårsen f. 1843 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-10a) d. 1915 g.1.g. 1871 m. Nilla Simensd f. 1842 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15a) d. 1889 (barselseng). Dei var plassfolk her frå 1877, før hadde dei budd som innerstar hjå Martinus sin far.
Born: a. Anna Margrete Martinusd f. 1872 d. 1902 (tub.), ugift. b. Sofie Gjertine Martinusd f. 1875 d. 1958 g. 1924 m. Nils Karlsen f. 1846 Byrknes d. 1928, budde der, sjå Gulenb. III s 203. c. Ludvik Martin Martinussen f. 1878 d. 1901 (tub.), ugift. d. Ingeborg Lovise Martinusd f. 1883 d. 1941 g. 1912 m. Jon Kristoffer Kolbensen Byrknesøy f. 1889 Byrknes d. 1978, budde der, jf Gulenb. III s 254. e. Nilla Martinusd f. 1889 d. 1890.
Enkjemannen Martinus Ingemårsen g.2.g. 1890 m. Dortea Knutsd f. 1844 Børo (husmenn 4a) d. 1903, og budde då der (7).
3. Martinus Rasmussen f. 1856 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15c) d. 1925 g.1.g. 1879 m. Katrina Engelsd f. 1859 Muren (gnr 168 bnr 18-14d) d. 1914. Dei var plassfolk utan jord her frå dei vart gifte. Martinus var fiskar. I 1900 hadde dei flytta til Muren, i sjølveigande hus, sjå husmenn 2 der.
Born: a. Elisabet Berntina Martinusd f. 1879 d. 1946 g. 1902 m. Karl Johan Olsen Rød f. 1875 Gulen d. 1951, budde der, sjå Gulenb. III s 419. b. Rasmus Elias Martinussen f. 1882 d. 1899. c. Ida Martinusd f. 1884 d. 1937 g.1.g. 1908 m. Edvard Nikolai Ellingsen f. 1883 Bergen d. 1919, Ida g.2.g. 1923 m. broren Nils Martin Ellingsen f. 1888 Bergen d. 1975, budde der. Nils g.2.g. m. Larsine Mathilde Larsdatter Indrebø f. 1902 Hyllestad d. 1982 (jf Hyllestadb. II s 386). d. Gina Martinusd f. 1887 d. 1946 g. 1913 Bergen m. Jacob Andreas Jakobsen Smørdal f. 1888 Bergen (sjå Muren husmenn 2) d. 1969, budde der. e. Kristoffer Martinussen f. 1890 d. 3 veker gl. f. Karolina Ingina Martinusd f. 1892 g. 1920 Time m. Ragnvald (Ragne) Rasmussen Fjogstad f. 1893 Bryne, Time på Jæren d. 1929 (sjå Timeb. s 78), dei utvandra til USA i 1923, bustad Chicago, ho flytta til California. g. Ragna Bergitta Martinusd f. 1894 d. 1986 g. 1921 m. Bernhard Kristiansen f. 1884 Mellingen, Radøy, sjå Børhaugen gnr 168 bnr 137-2. h. Hanna Mathilde Martinusd f. 1897 d. 1946 g. 1918 m. Olaf Rolf Ingvaldsen f. 1895 Kristiansand d. 1954, bustad Laksevåg i Bergen. i. Rasmus Elias Martinussen f. 1900 d. 1979 g. 1924 m. Berta Jørgina Johannesd Årøy f. 1892 Lærdal i Sogn d. 1957, sjå Skarvøyna gnr 168 bnr 39-2.
4. Karl Rasmussen f. 1859 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15d) d. 1936 g.1.g. 1880 m. Andrea Larsd f. 1860 Sulo (gnr 169 bnr 34-1e) d. 1897 (i barsel). Dei budde først i Sulo, og var plassfolk utan jord her frå omkring 1883. Dei eigde huset sitt, som stod om lag der som gnr 170 bnr 46 er i dag. Karl var fiskar.
Born: a. Rasmus Karlsen f. 1881 d. 1900 i ulykke ved bygging av naust. b. Karen Andrea Karlsd f. 1883 d. 1884. c. Ludvik Johan Karlsen Husa f. 1885 d. 1979 g. 1907 m. Elvina Monsd f. 1879 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-8f) d. 1952, bygde på Husa (gnr 168 bnr 90-1). d. Kristoffer Karlsen f. 1888 d. 1972 g. 1918 m. Berta Martinsd f. 1894 Sulo (gnr 169 bnr 27-3c) d. 1935, budde der (4). e. Lovise Karlsd f. 1890 d. 1891. f. Lovise Martina Karlsd f. 1892 d. 1989 g. 1916 m. Hans Andreassen Husa f. 1892 Husa (gnr 168 bnr 7-17a) d. 1957, brukarar der (18). g. Ingemår Karlsen f. 1894 d. 1918, sjømann, døydde av spanskesjuka i Brooklyn, New York, kom dit frå Buenos Aires, Argentina same året. h. Karen Andrea Karlsd f. 1897 d. 1 md gl (meslingar).
Enkjemannen Karl Rasmussen g.2.g. 1900 m. enkja Jørgina Sørensd f. 1867 Furebotn, Masfjorden d. 1954, dei flytta huset til Muren, sjå husmenn 3 der.
5. Kristina Hansd f. 1831 Fallebø, Gulen d. 1898 (dotter av Hans Larsen f. 1791 d. 1871 og Anna Persd f. 1786 d. 1841, sjå Gulenb. I s 168) g.2.g. 1878 m. Hans Larsen f. 1852 Sulo (gnr 169 bnr 34-1c). Dei sette opp ei stove på Moldøyna, plassen låg under gnr 170 bnr 6. Ingen born saman. Hans var fiskar. Han var enkjemann etter Andrea Persd f. 1850 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-2e) d. 1874, sjå der.
Kristina hadde med Hans Jørgensen f. 1828 Midttun, Gulen d. 1906 (jf Gulenb. I s 326 og II s 521) sonen a. Kristian Hansen f. 1854 Gulen d. 1931 g. 1884 m. Marta Jetmundsd f. 1855 Hosteland, Masfjorden d. 1932, budde på Selvågneset, sjå Masfjordb. I s 442.
Kristina var g.1.g. 1863 Gulen m. Per Hansen f. 1831 Langedalen (gnr 169 bnr 5-4e) d. 1868. Dei pakta først Sandnes i Masfjorden, og så Eivindvik i Gulen, der Per døydde (jf Gulenb. III s 294). Dei hadde dottera b. Anna Persd f. 1864 Masfjorden d. 1894 g.1.g. 1883 m. Ingemår Simensen f. 1860 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15f) d. 1889, budde der, sjå husmenn 1.
Enkjemannen Hans Larsen gifta seg opp att i 1899 med Elisabeth Persd f. 1856 Byrknes d. 1909, dei flytta stova til Sulo og budde der (gnr 169 bnr 13-1).
6. Gudmund Persen f. 1850 Grenda (gnr 168 bnr 17-13c) d. 1918 g. 1893 m. Lisbet Henriksd f. 1853 Byrknes (jf Gulenb. III s 253). Ingen born. Lisbet var søster til Henrik Moldøyna (gnr 170 bnr 6-12), sjå der for meir slekt på Fedje. Gudmund var enkjemann etter Ingeborg Mathiasd f. 1847 d. 1893, og dei budde på Grenda (gnr 168 bnr 17-14). Gudmund og Lisbet sette opp si eiga stove på Moldøyna og budde her. Folketeljinga 1900 syner at plassen låg under gnr 170 bnr 2. Gudmund var fiskar. Lisbet flytta truleg til sonen etter at mannen døydde.
Lisbet hadde med Ola Olsen f. 1847 Bjørge, Lindås (sjå Hosangerb. I.2 s 651) sonen a. Hans Olsen Rød f. 1878 Gulen d. 1946 g.1.g. 1903 Bergen m. Helga Amalie Taraldsen f. 1881 Bergen, budde der, han var jernbanearb. i folketeljinga 1912. Ekteskapet oppløyst 1916. Seinare flytta han til Sande i Gulen (sjå Gulenb. II s 546), g.2.g. 1924 m. Berte Ellingsdatter Midtun f. 1888 Gulen d. 1976 (jf Gulenb. I s 317 og 322). Helga g.2.g. 1917 m. røyrleggjar Johan Gottfrid Karlsson f. 1883 Älvsborg i Sverige, bustad Bergen, seinare Skellefteå i Sverige.
Husmenn på Moldøyna er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 6) • Neste bolk: Tørisneset (Fedje gnr 170 bnr 9) |