Langedalen (Fedje gnr 169 bnr 5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Langedalen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 5
Adresse: Vidnappsvegen 72

Langedalen er ein tidlegare husmannsplass, seinare småbruk, i Fedje kommune.

1. Gjertrud Halvorsd f. 1769 Rivedal, Fjaler i Sunnfjord d. 1844 g. 1806 m. Klement Sjursen f. 1779 Naustet, Eiken i Fjaler d. 1851 var dei første som budde i Langedalen. Dei kom hit omkring 1809, og var her til om lag 1828. Så flytta dei til Moldøyna gnr 170 bnr 2-13, der heile familien er ført.

2. Ivar Jensen f. 1802 Sulo (6d) d. 1873 g. 1827 m. Lisbet Olsd f. 1793 Rongeværet, Austrheim d. 1860 budde her etter at nr 1 reiste. I 1831 flytta dei til Sulo (9), sjå der. På denne tida må det ha budd to familiar i Langedalen, sjå nr 3.

3. Kari Jensd f. 1760 Byrknes d. 1831 (dotter av Jens Rasmussen og Ingeborg Persd f. 1733 d. 1766, sjå Gulenb. III s 228) g. 1785 m. Per Hansen f. 1762 Bremnes d. 1824 (son av Hans Mathiassen d. 1800 og Ingeborg Persd d. 1779, jf Gulenb. III s 156).

Barn: a. Hans Persen f. 1787 d. 1837, neste brukar (4).

Denne familien kom flyttande frå Bremnes i Gulen i 1819 og slo seg ned her. Dei var husfolk, festesetel er ikkje tinglyst.

4. Hans Persen f. 1787 på denne plassen (3a) d. 1837 g. 1820 Gulen m. Alis Johannesd f. 1790 Byrknes d. 1857 (dotter av Johannes Thomassen f. 1750 d. 1803 og Anna Trulsd f. 1751 d. 1805, sjå Gulenb. III s 242). Alis var morsøster til m.a. Tøger Kopper (gnr 168 bnr 1-19), sjå der. Hans og Alis var husfolk her utan tinglyst festesetel.

Born: a. Gjørnilla Hansd f. 1821 d. 1901 g. 1847 m. Lars Olsen f. 1819 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-12b) d. 1887, budde i Sulo (gnr 169 bnr 34-1). b. Anna Hansd f. 1824 d. 1849 g. 1848 m. Mons Jørgensen f. 1824 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-16b) d. 1894, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 9-6). c. Per Hansen f. 1827 d. 1829. d. dødfødd son f. 1830. e. Per Hansen f. 1831 d. 1868 g. 1863 m. Kristina Hansd f. 1831 Fallebø, Gulen d. 1898, paktarfolk i Masfjorden og Gulen, sjå òg Moldøyna (husmenn 5).

Hans omkom «ved en andens vådeskud», som det står i kyrkjeboka. Enkja Alis Johannesd g.2.g. 1838 m. Andreas Andersen f. 1809 Husa (gnr 168 bnr 7-11f) d. 1849, budde der.

5. Per Larsen f. 1805 Sævrøyna, Austrheim d. 1880 g. 1829 m. Anna Maria Olsd f. 1805 Lerøyna, Austrheim d. 1889 (dotter av Ola Ingebrigtsen f. 1777 d. 1826 og Dortea Henriksd f. 1771 d. 1822, jf Austrheimb. III s 282 og 690). Per var bror til Mons Børo (husmenn 3) og Lars Husa (gnr 168 bnr 11-5), sjå der. Per og Maria budde her frå om lag 1835, tidlegare var dei på Lerøyna. Dei fekk tinglyst festesetel i 1841 frå Kristoffer Kahrs. Dei bygde nytt hus her om lag 1845, slik at det var to bustader her. Dette huset står enno (gnr 169 bnr 31). Dei vart kårfolk i 1860. Det var eit bra kår, for i 1865 hadde dei 3 storfe og sådde ⅝ tn potet. I 1875 var dyretalet 1 ku, 1 kalv og 1 sau, og utsådet 1½ tn potet. Per var fiskar.

Born: a. Dortea Persd f. 1830 d. 1904 g. 1858 m. em. Mons Jørgensen f. 1824 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-16b) d. 1894 (sjå 4b ovanfor), brukarar på Husa (gnr 168 bnr 9-8). b. Ingeborg Persd f. 1831 d. 1848, tenar, omkom på sjøen, ikkje attfunnen. c. Lars Persen f. 1835 d. 1914, neste brukar (6). d. Olina Persd f. 1841 d. 1843. e. Olina Johanna Persd f. 1843 d. 1923, fekk med handelsbetjent Kristian Adolfsen Lahn f. 1846 Bergen d. 1884 der sonen ca. Konrad Kristian Kristiansen Lahn f. 1868 d. 1879, og med skodespelar Vilhelm Torp dottera eb. Vilhelmina Vilhelmsd f. 1870 d. 1951 g. 1893 m. Knut Martinus Vilkensen f. 1865 Byrknes d. 1951, budde der, sjå Gulenb. III s 205. Olina vart g. 1874 m. Ingemår Ingemårsen f. 1848 Ånuglo, Tysnes d. 1936 (sjå Tysnesb. IV s 822), dei budde på Sirset i Lindås (jf Lindåsb. IV s 112). f. Thomas Persen f. 1846 d. 1887 g. 1868 m. Gjertrud Halvorsd f. 1844 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-l4e) d. 1924, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 4-4). g. Ingeborg Persd f. 1850 d. 1901, ugift, tente i Bergen.

6. Lars Persen f. 1835 på denne plassen (5c) d. 1914 g. 1860 m. Synneva Hansd f. 1832 Rambjørg d. 1913 (dotter av Hans Monsen f. 1807 d. 1885 og Brita Knutsd f. 1807 d. 1877, jf Masfjordb. I s 70). Dei fekk i 1860 tinglyst festesetel frå Elling Andreas Eriksen, Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-2) etter nr 5. Langedalen vart då kalla husmannsplass. Vilkåra var at jorda skulle dyrkast og betrast, husa haldast ved like, samt at dei skulle yta ei årleg avgift på 3 spd og 6 arbeidsdagar. Husdyra skulle dei få ha i Storemarka, der dei også kunne skjæra det dei trong av torv og lyng. Dersom dei sette opp gjerde, kunne dei ha 12 sauer i Sulo. Dei var pliktige til å by eigaren (Eriksen) det dei hadde å selja, om det var fisk eller jordbruksprodukt. Det var bra tilhøve her, for i 1865 hadde dei 7 storfe og 4 får, og sådde 1½ tn havre og 2 tn potet. I 1875 var dyretalet 2 kyr, 3 kalvar og 7 sauar, og utsådet 1½ tn både med havre og potet. I 1865 hadde dei tenaren Elsa Olsd 22 år. Lars var fiskar. Han eigde ein part i kona sin fødegard Rambjørg frå 1880 til 1903, sjå Masfjordb. I s 70 og 56.

Born: a. Anna Marie Larsd f. 1861 d. 1934 g.l.g. 1883 m. Ludvik Mathiassen f. 1857 Store Kvernøy, Gulen d. 1889, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 9-9). b. Per Kaurin Larsen f. 1864 d. 1891 (spedalsk). c. Hans Larsen f. 1865 d. 1942 g.m. Anna Bergitta Hansd f. 1865 Knarrvika, Lindås d. 1918 (dei var søskenborn, då mødrene var søstrer), budde på Rambjørg (sjå Masfjordb. I s 68, og Lindåsb. IV s 326). d. Berta Gurina Larsd f. 1868 d. 1945, neste brukar (7). e. Knut Larsen f. 1870, sjømann, ifølgje folketeljinga 1891 var han i Tunis, og i 1900 i Philadelphia, USA. Han utvandra til New York i 1902, og busette seg der. Han brukte etternamnet Pedersen, og vart gift i USA. Men før han reiste, kjøpte han Langedalen. Bruket vart frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 i 1898, og Knut fekk skøyte same året frå Jørgen Langeland for 1700 kr. Han fekk samstundes skøyte på husa frå faren. Knut var eigar heilt til 1922, men var aldri brukar her.

7. Brita (Berta) Larsd Langedal f. 1868 på dette bruket (6d) d. 1945 g. 1890 m. Ola Mikkelsen f. 1864 Træsneset (husmenn 1d) d. 1943. Dei sette opp sitt eige hus her før 1900, og fekk skøyte på bruket av Brita sin bror Knut (6e) i 1922 for 7000 kr. Ola var fiskar og båtbyggjar. Han spesialiserte seg på linefiske etter kveite, som vart eit særteikn for fiskarane frå Langedalen også seinare. Brita og Ola hadde rundt fire kyr og ein del sauer. Jorda vart delt i tre i 1925, med frådelinga av gnr 169 bnr 22 og gnr 169 bnr 31.

Born: a. Johanna Olsd Langedal f. 1890 d. 1973 g. 1916 m. Engel Eriksen f. 1897 Smineset (gnr 169 bnr 19-2e) d. 1948, budde i Sulo (gnr 169 bnr 72-1). b. Mikal Martin Olsen Langedal f. 1892 d. 1959 g. 1912 m. Ingrid Antonsd Smeby f. 1886 Bergen d. 1972, budde i Langedalen gnr 169 bnr 31-1. c. dødfødd dotter f. 1894. d. Synneva Olsd Langedal f. 1896 d. 1914 i barsel, fekk dottera da. Synneva Olsd f. 1914 d. 14 dg gl. e. dødfødd dotter f. 1896. f. Laura Olsd Langedal f. 1898 d. 1972 g. 1918 m. Gjert Henriksen f. 1895 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-13 d) d. 1970, bygde i Langedalen (gnr 169 bnr 22-1). g. Olaf Bertin Olsen Langedal f. 1900 d. 1973 g. 1923 m. Hanna Steffensd Søreide f. 1897 Austevoll d. 1993, bygde i Sulo (gnr 169 bnr 52-1). h. Petra Olsd Langedal f. 1905 d. 2000, utvandra USA i 1923, g. 1936 New York m. Elmer Schwenk Rickert f. 1900 Harrisburg, Pennsylvania d. 1981, busette Long Island, New York, dei dreiv interiørforretning. Petra flytta i seinare år til Atlanta, Georgia. i. Emma Olsd Langedal f. 1908 d. 1989 g. 1931 m. Malvin Hansen f. 1907 Bergen d. 1977, budde der. j. Knut Albertin Olsen Langedal f. 1911 d. 1985, neste eigar (8).

8. Knut Langedal f. 1911 på dette bruket (7j) d. 1985, fiskar, g. 1948 m. Kristjana Augusta Einarsdottir f. 1910 Reykjavik d. 1986. Skøyte her i 1937 for 2000 kr. Huset vart renovert rundt 1947 og 1990. Begge døydde på Island, og er gravlagde der.

Barn: a. Bertha Ragnhildur Langedal f. 1948, neste eigar (9).

9. Bertha Langedal f. 1948 på dette bruket (8a) g. 1988 m. Guðdmundur Bogi Breidfjord f. 1938 Reykjavik d. 2018, busette der, dreiv blikkenslagarfirma. Bertha fekk skøyte av foreldra i 1985, og bruker huset som feriebustad. Det har òg vore utleigt.

Born: a. Agnar Knut Breidfjord f. 1988, IT-konsulent, bustad Reykjavik. b. Kristjana Breidfjord f. 1990, bustad Reykjavik.

Leigebuar

10. Berit Vasstrand f. 1968 Ålesund budde her då ho var miljøvernleiar (den første i Fedje kommune) frå 1993 til 1996, seinare bustad Bergen, så Horten og Longyearbyen, Svalbard.


Fedje komm.svg Langedalen (Fedje gnr 169 bnr 5) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Langedalen • Neste bolk: Austre Langedal (Fedje gnr 169 bnr 22)