Lyngbø (Fedje gnr 169 bnr 52)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lyngbø
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 52
Adresse: Vidnappsvegen 16

Lyngbø er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Familien Langedal (bnr 52). Bak Else og Odd. Framme Olaf, Per og Hanna.

1. Olaf Langedal f. 1900 (gnr 169 bnr 5-7g) d. 1973, båtsmann, g. 1923 m. Hanna Marthilde Steffensd Søreide f. 1897 Austevoll d. 1993 (dotter av Steffen Larsen f. 1852 og Eli Gurina Persd f. 1868, sjå Austevollb. II s 613). Hanna var søster til Petra Tresnes (gnr 172 bnr 18-2). Huset vart sett opp i 1925. Skøyte på tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 i 1947.

Born: a. Odd Håkon Langedal f. 1921 d. 2000 (Hannas son med styrmann Arvid Wilhelm Karlsen Dahl f. 1896 Bakklandet, Trondheim d. 1958 der). Odd g. 1951 m. Anny Koppen f. 1922 (gnr 168 bnr 30-2b) d. 1975, busette der (gnr 168 bnr 146). b. Else Beate Langedal f. 1926 d. 2013 g. 1966 m. Karl Knudsen f. 1930 Vadsø d. 2005, busette i Sulo gnr 169 bnr 95. c. Per Martin Langedal f. 1934 d. 2003, neste eigar (2).

2. Per Langedal f. 1934 på dette bruket (1c) d. 2003 fekk skøyte her i 1992, ugift, maskinist, seinare fyrbetjent, først på Holmengrå, så på Utvær fyr i Solund, Sogn.

3. Knut Duesund f. 1950 Mulen (gnr 169 bnr 79-1a), prest, førstelektor, g. 1975 m. Grethe-Marie Trovi frå Langesund, Telemark f. 1953 Åfjord, Sør-Trøndelag, sjukepleiar, lærar, bustad Notodden. Skøyte i 2005. Huset vart renovert i 2006, 2012 og 2016, og vert brukt som fritidsbustad.

Barn: a. Kristine Duesund f. 1977, lærar, g. 2008 m. Jim Normann Nordli f. 1971 Eidsvoll, butikksjef, busette der. b. Rita Duesund f. 1979, økonom, samb. 2006 m. Scott Edward Bushnell f. 1980 Windsor i England, industridesignar, bustad Sarpsborg. c. Maria Duesund f. 1987, lærar, g. 2021 m. Dag Andre Skobba f. 1978 Notodden, murar, busette der. d. David Duesund f. 1993, lærar, samb. 2018 m. Mette Ormåsen Paulsen f. 1997 Notodden, marknadsøkonom, busette der.


Fedje komm.svg Lyngbø (Fedje gnr 169 bnr 52) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sulen (Fedje gnr 169 bnr 51) • Neste bolk: Lynghaug (Fedje gnr 169 bnr 54)