Husmenn på Muren

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole og Elsa Muren.

Husmenn på Muren tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Muren i Fedje kommune.

1. Elsa Monsd f. 1844 Vika (gnr 168 bnr 28-13f) d. 1918 g. 1873 m. Ole Simensen f. 1846 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15b) d. 1923. Dei budde først som innerstar hjå Ole sine foreldre. Frå om lag 1885 hadde dei ei stove på Muren der som gnr 168 bnr 135 er i dag («Elsahuset»). Stova vart riven på slutten av 1920-talet. Dei hadde ikkje jord. Ole var fiskar.

Born: a. Gjert Olsen f. 1874 d. 1879 (skarlagensfeber). b. Sofie Olsd f. 1877 d. 1970 g. 1900 m. Olai Jonsen Røed f. 1877 Gulen d. 1953 (jf Gulenb. III s 421), budde i Bergen. c. Gjertina Olsd f. 1879 d. 1957, ugift, hushjelp. d. Viliana Olsd f. 1882 d. 1907, ugift. e. Marie Kristine Olsd f. 1885 d. 1975 g. 1909 m. Haldor Andersen f. 1882 Rusås i Fusa d. 1958 (jf Fusab. IV s 257), budde i Bergen. f. Larsina Olsd f. 1888 d. 2½ md gl.

2. Martinus Rasmussen f. 1856 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15c) d. 1925 g.1.g. 1879 m. Katrina Engelsd f. 1859 Muren (gnr 168 bnr 18-14d) d. 1914, dei budde først på Moldøyna, sjå husmenn 3, der familien er ført. Dei flytta til Muren rett før 1900, og hadde sjølveigande hus.

Enkjemannen Martinus Rasmussen g.2.g. m. Johanna Marie Larsd f. 1866 Smørdal, Lygra i Lindås d. 1948 (jf Lygrab. s 411 og Alenfitb. IIA s 312, dotter av Lars Johannessen f. 1817 d. 1902 og Magdalena Fredriksd f. 1834 d. 1929, dei var morforeldre til Martinus sin svigerson Jacob Smørdal, sjå Moldøyna husmenn 3d). Martinus og Johanna flytta huset til Skarvøyna i 1921 og budde der, sjå gnr 168 bnr 39-1 under Kopper.

3. Karl Rasmussen f. 1859 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15d) d. 1936, budde først på Moldøyna, sjå husmenn 4 der, g.2.g. 1900 m. Jørgina Sørensd f. 1867 Furebotn, Masfjorden d. 1954 (dotter av Søren Larsen f. 1834 d. 1911 og Brita Knutsd f. 1831 d. 1886, sjå Masfjordb. II s 879). Ingen born. Jørgina var g.1.g. 1892 m. Rasmus Larsen f. 1866 Skauo, Myking i Lindås d. 1893 (jf Mykingb. s 719), dei hadde sonen a. Søren Rasmussen f. 1892 d. 1955 g.1.g. 1915 m. Dorthea Jensd f. 1892 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-5c) d. 1920, sjå der (6).

Karl flytta huset frå Moldøyna til Muren, og han og Jørgina med sonen Søren budde her i 1900. I 1921 vart huset flytta til Skarvøyna, sjå gnr 168 bnr 40 under Kopper.


Fedje komm.svg Husmenn på Muren er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Muren (Fedje gnr 168 bnr 18) • Neste bolk: Skulehuset på Muren