Moldøyna (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto Moldøyna 1963. Våningshusa frå venstre: bnr 12, bnr 2, bnr 20 og bnr 3.
Foto: Widerøes Flyveselskap

Moldøyna er ei øy som ligg nord for hovudøya Fedje. Den vart knytt til Fedje ved ei vegfylling i 1960/1961. Namnet kjem av mold, jord (O. Rygh). Uttalen er «målløynæ» eller «mådløynæ». Første gongen me finn namnet i dei skriftlege kjeldene i 1603, vart det skrive Moldøen. Dette var lenge den vanlege skrivemåten, og vert framleis nytta som slektsnamn av mange.

Den gamle landskylda til Moldøyna var 1 våg 18 merker fisk, eller i smørskyld 1 pund 21 merker. Matrikkelen 1665 syner at ein på heile Moldøyna kunne fø sju naut, utsåd er ikkje nemnt. Den var delt i to bruk frå om lag 1608, og i tre frå 1628. Fire bruk vart det frå rundt 1700, og slik har det halde seg sidan, til det vart frådelt tomter etter 1900, ettersom folketalet auka. Det var havet som batt saman før i tida, og det ser ein tydeleg på Moldøyna. Slektshistoria her syner at det vart knytt særs mange slektsband med Gulen, spesielt Byrknes.


Fedje komm.svg Moldøyna (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nordstrand (Fedje gnr 170 bnr 14) • Neste bolk: Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 2)