Tryggheim (Fedje gnr 168 bnr 191)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tryggheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 191
Adresse: Rognsvågen 6

Tryggheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Trygve Thomassen f. 1936 Kopper (gnr 168 bnr 4-6c) d. 2018 g. 1963 m. Oddny Reidun Svellingen f. 1944 Øygarden, butikkmedarb., vaskeriarb. Skøyte 1964 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 11 same året. Huset vart bygd i 1965. Trygve var fiskar og medeigar i M/S «Feiebuen» frå 1957 til 1977, seinare vedlikehaldsarb. i kommunen. Sjå òg Svena gnr 168 bnr 421.

Born: a. Kenneth Thomassen f. 1964, telemontør, var samb.m. Margrethe Sekkingstad f. 1967 Fjell, kontormedarbeidar, busette der, no Øygarden kommune. b. Terje Thomassen f. 1965, ingeniør, g. 1997 m. Mari Nygård f. 1972 Førde i Sunnfjord, sjukepleiar, bustad Åsane i Bergen. c. Lisbeth Thomassen f. 1972 g. 2008 m. Sven Heidar Larsen f. 1974 Mjøndalen, Nedre Eiker, bustad Bergen. d. Rune Thomassen f. 1973 g. 2002 m. Sigrun Landro f. 1974, bustad Strusshamn, Askøy.


Fedje komm.svg Tryggheim (Fedje gnr 168 bnr 191) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Haugatun (Fedje gnr 168 bnr 175) • Neste bolk: Leite (Fedje gnr 168 bnr 195)