Parktun (Fedje gnr 168 bnr 189)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parktun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 189
Adresse: Stormarkvegen 28

Parktun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Leif Thomassen f. 1937 Kopper (gnr 168 bnr 4-6d) g. 1961 m. Ishbel Laird Park f. 1942 Orknøyane, Skottland d. 1995, bibliotekstyrar. Skøyte 1964 på tomt frådelt gnr 168 bnr 4 same året. Huset vart bygd i 1965. Leif var maskinist på fiskebåt, seinare på Bjelland. Han har bygd verkstad/servicebygg samt opprusta naust for kystkultur/souvenirsal («Havland») på tomt bnr 391 frådelt gnr 168 bnr 4 i 1997, vegadresse Kopper 12.

Born: a. Linda Iren Thomassen f. 1962 g. 1989 m. Kjell Samnøy f. 1964 Fusa, busette på Kopper (gnr 168 bnr 390). b. Bente Thomassen f. 1964 g. 1987 m. Tore Horne f. 1964 Børhaugen (gnr 168 bnr 33-2c, sjå meir der), bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune. c. Tor Åge Thomassen f. 1965, programingeniør, g. 1993 m. Magnhild Vik f. 1971 Øygarden, hjelpepleiar, busette der. d. Marit Thomassen f. 1972, sjå Husa (gnr 168 bnr 48-2).


Fedje komm.svg Parktun (Fedje gnr 168 bnr 189) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kåretun (Fedje gnr 168 bnr 179) • Neste bolk: Roaldtun (Fedje gnr 168 bnr 194)