Kopper (Fedje gnr 168 bnr 1b)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopper
Utskilt: 1809
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 167
Bnr: 1b

Kopper var eit gardsbruk i Fedje. Det vart utskild frå Kopper bnr 1 i 1809, og drive som eige bruk til 1845.

1. Turi Knutsd f. 1788 Kopper (gnr 168 bnr 4-2d) d. 1870 g.1.g. 1810 m. Ola Mikkelsen f. 1789 Muren (gnr 168 bnr 18-11b) d. 1811. Turi er nemnd som jordmor eller hjelpekone. Bygsel på 13½ mark fisk eller halvdelen av bnr 1 i 1809 frå fru Katarina Kahrs.

Barn: a. Ola Olsen f. 1812 (4 md etter farens død) d. 1888 g. 1833 m. Synneva Monsd f. 1807 Nordøyna, Øygarden d. 1849, først brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 1-18), og så på Opphaugen (gnr 168 bnr 13-18).

2. Enkja Turi Knutsd (1) g.2.g. 1812 m. Lasse Jensen f. 1787 Kopper (gnr 168 bnr 2-8f) d. 1854. Fornya bygsel i 1812 på 13½ mark fisk frå Kristoffer Kahrs. Matrikkelen i 1838 syner at Lasse var brukar på halve bnr 1, tilsvarande ny skyld 1 ort og 12 skilling. Turi og Lasse var brukarar til 1845, då bygsla vart overteke av dottera Anna og svigersonen Tøger. Dei bygsla òg gnr 168  bnr 1, slik at frå då av vart bnr 1b drive saman med bnr 1. I panteregisteret vart dei to bruka først samanføydde igjen i 1878 (sjå gnr 168 bnr 1-25). Då Turi og Lasse gav frå seg garden i 1845, fekk dei tinglyst eit kårbrev. Her går det fram at dei skulle ha fritt hus, lys og varme, naudsynt pleie, tilsyn og oppvarting. Dei skulle ha rett til å ha avkasting av 2 kyr og 4 sauer, og få 1 tn havre og 1 tn potet årleg. Slik var deira pensjonisttilvere godt sikra.

Barn: a. Anna Lassesd f. 1817 d. 1858 g. 1842 m. Tøger Jensen f. 1819 Byrknes, Gulen d. 1872, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 1-19).


Fedje komm.svg Kopper (Fedje gnr 168 bnr 1b) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 1) • Neste bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 2)