Aarland (Fedje gnr 168 bnr 221)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aarland
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 221
Adresse: Stormarkvegen 121

Aarland er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Arne Georg Aarland f. 1924 Austevoll d. 1978 (jf Austevollb. I s 355, Arne var bror til Lars Olai Aarland, Hesthaugen gnr 169 bnr 76-1) g. 1957 m. Gudrun Karina Eidesund f. 1928 Vorland i Sund d. 2012 (jf Sundb. III s 443). Skøyte 1970 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 8 same året. Dei sette opp hus her, frå 1960 hadde dei budd i husværet på skulen (Svena gnr 168 bnr 163-2). Arne var formingslærar og vaktmeister. Gudrun var sjukepleiar i heimesjukepleien samt jordmor.

Born: a. Hans Magnar Aarland f. 1958, neste eigar (2). b. Gunn Judith Aarland f. 1959, sjukepleiar, g. 1983 m. Richard Mure Exelby f. 1949 Brighton i England, adjunkt, bustad Bergen. c. Geirmunn Aarland f. 1962, assurandør, g.1.g. 1985 m. Åse Hagesæter f. 1965 Lindås, busette der (jf Hamreb. III s 113), es. oppløyst, g.2.g. 1999 m. Inger Johanne Johnstad f. 1960, lærar, bustad Åsane i Bergen.

2. Hans Magnar Aarland f. 1958 på dette bruket (1a), ingeniør, g. 1987 m. Bjørg Nilsen f. 1957 Bergen, hjelpepleiar, bustad Åsane i Bergen (Bjørg er søster til Ingrid Handeland, Husøyna gnr 168 bnr 284). Hans Magnar var tilsett i teknisk etat på Fedje frå 1979 til 1987. Skøyte i 2004.

Born, alle bustad Bergen: a. Arne Aarland f. 1987 g. 2019 m. Cicilie Fosse f. 1993. b. Kristoffer Aarland f. 1990. c. Karianne Aarland f. 1992 samb.m. Roar Sørensen f. 1988.

Leigetakar

3. Signe Audgjerd Råheim f. 1982, flytta frå Bergen i 2016, konsulent arkiv og personal Fedje kommune. Ho flytta tilbake til Bergen i 2023.


Fedje komm.svg Aarland (Fedje gnr 168 bnr 221) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stølshaugen (Fedje gnr 168 bnr 219) • Neste bolk: Myrheim (Fedje gnr 168 bnr 230)