Knausen (Fedje gnr 168 bnr 284)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knausen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 284
Adresse: Flundrevågsvegen 29

Knausen er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Gisle Handeland f. 1943 Bergen g. 1964 m. Ingrid Nilsen f. 1944 Bergen, budde først der. Skøyte 1977 på tomt frådelt gnr 168 bnr 257 same året (bnr 257 vart frådelt gnr 168 bnr 19 i 1975). Huset vart bygd i 1978. Det vart renovert i 2020. Ingrid var hermetikkarbeidar, seinare fiskeindustriarbeidar til 2002. Gisle var lærar på Fedje frå 1967, sosialsjef frå 1979, 1990-1995 politisk rådgjevar og statssekretær i Samferdsledepartementet, 1999-2003 fylkesordførar (Arbeidarpartiet) i Hordaland, sidan tilsett ved tiltakskontoret i Fedje kommune til 2008.

Born: a. Kristin Beate Handeland f. 1965 g. 1986 m. Arild Karlsen f. 1960 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 62-2c), bygde i Husøyna gnr 168 bnr 372. b. Oddgeir Handeland f. 1967, automasjonsingeniør, samb. 1988 m. Merethe Fallmyr, Stathelle, Bamble i Telemark f. 1968 Ørnes, bygningsingeniør, busette i Oslo, seinare Porsgrunn.


Fedje komm.svg Knausen (Fedje gnr 168 bnr 284) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Berghammer (Fedje gnr 168 bnr 282) • Neste bolk: Vannlinjen (Fedje gnr 168 bnr 293)