Vannlinjen (Fedje gnr 168 bnr 293)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vannlinjen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 293
Adresse: Husøyna 5

Vannlinjen er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Paul Gullaksen f. 1955 Kopper (gnr 168 bnr 141-1b) g. 1976 m. Solrunn Steffensen f. 1954 Follese på Askøy fekk skøyte 1979 på tomt frådelt gnr 168 bnr 201 same året (bnr 201 vart frådelt gnr 168 bnr 6 i 1966). Huset vart bygd i 1978. Paul var fiskar, var fiskeoppdrettar og medeigar AS Gullaks 1986-1996, seinare oljearbeidar. Solrunn barnehage/skuleassistent.

Adoptivborn: a. Heny Cathrine Gullaksen f. 1980 Surabaya i Indonesia, sjå Svena (gnr 168 bnr 144-4) og Husøyna (gnr 168 bnr 445-1). Heny samb.m. Nick Howlett frå Birmingham, England, bustad Bergen. b. Kim Eirik Gullaksen f. 1983 Sør-Korea, intensivsjukepleiar, var samb.m. Cathrine Rørstadbotten f. 1986 Askøy, vernepleiar, busette der. c. Anne Lene Gullaksen f. 1989 Sør-Korea, økonom, g. 2019 m. Ivar Sylta f. 1987 Bildøyna i Fjell, byggmeister, busette der, no Øygarden kommune.


Fedje komm.svg Vannlinjen (Fedje gnr 168 bnr 293) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Knausen (Fedje gnr 168 bnr 284) • Neste bolk: Tippetue (Fedje gnr 168 bnr 301)