Aker (Fedje gnr 168 bnr 127)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aker
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 127
Adresse: Mulevegen 8

Aker er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Erling Koppen f. 1922 (gnr 168 bnr 1-26g) d. 1995 g. 1948 m. Gerda Eriksen f. 1924 Sulo (gnr 169 bnr 72-1c) d. 1989. Skøyte 1953 på tomt frådelt gnr 168 bnr 1 same året. Huset vart bygd i 1956. Erling arb. på Bjelland frå oppstarten i 1953.

Born: a. Jorunn Marit Koppen f. 1950, kantinestyrar, g. 1971 m. John Ove Aarland f. 1948 Hesthaugen (gnr 169 bnr 76-1a) d. 2010, bustad Fjell, seinare Bergen. b. Edvard Mikal Koppen f. 1952 d. 2020 g. 1972 m. Thordis Olsen f. 1952 Svena (gnr 168 bnr 144-1a), bustad Husøyna (gnr 168 bnr 240). c. Laila Koppen f. 1962, postbod, g. 1986 m. Arne Asbjørnsen f. 1955 Haugesund d. 2016, butikkmedarb., busette der. d. Unni Koppen f. 1964, hjelpepleiar, g. 1986 m. Harald Edvardsdal f. 1957 Osterøy (jf Hamreb. II s 637), arb. Posten, bustad Åsane i Bergen.

Dei fire søskena fekk heimelen her i 1995.

2. Hilde Koppen f. 1972 Husøyna (gnr 168 bnr 240-1a), førskulelærar, assisterande mannskapssjef Buksér og Berging, g. 2002 m. Terje Blomvågnes f. 1964 Øygarden, tømrar (bror til Geir, jf Husøyna gnr 168 bnr 264-4). Ho fekk skøyte i 2000, ho er sonedotter til nr 1. Huset vart renovert i 2001.

Born: a. Thomas Blomvågnes f. 1994, maskiningeniør, bustad Manger i Radøy, Alver kommune (Terjes son frå 1. es. med Kristin Moe f. 1969, bustad Radøy, flytta til Knarvik i Lindås, Alver kommune). b. Thea Koppen Blomvågnes f. 2000 samb. 2021 m. Adrian Christoffer Dahl f. 1999 Åmot i Modum, busette her på Kopper. c. Sivert Koppen Blomvågnes f. 2003.


Fedje komm.svg Aker (Fedje gnr 168 bnr 127) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Haugen (Fedje gnr 168 bnr 116) • Neste bolk: Sollund (Fedje gnr 168 bnr 129/130)