Austbø (Fedje gnr 168 bnr 264)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Austbø
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 264
Adresse: Husøyna 22

Austbø er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte 1976 på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 same året. Kommunen bygde hus i 1976, som har vore utleigt til kommunalt tilsette. Det var to husvære her.

Leigebuarar

Bustad 1A:

2. Rune Tangen f. 1950 Bergen (soneson til Hans Nord-Tangen gnr 168 bnr 25-18b), ingeniør, g. 1972 m. Elin Karin Pedersen f. 1954 Bergen, kontormedarb. Rune var kommuneingeniør frå 1973 til 1977. Dei budde m.a. i lærarbustadene i Husøyna (gnr 168 bnr 204 og gnr 168 bnr 205), før dei flytta inn her i 1976. Familien flytta til Hyllestad i Sogn i 1977, og til Bergen i 1982. Sjå òg Kopper gnr 168 bnr 394-2.

Born: a. Hege Tangen f. 1972 d. 2016, arb. posten, bustad Bergen. b. Åsny Tangen f. 1976 g. 2010 m. Eivind Nessen f. 1976 Bergen, busette der, begge datamedarb.

3. Leif Egil Kvinge f. 1947 Bergen (jf Masfjordb. II s 732) g. 1973 m. Elin Soltvedt f. 1954 Bergen, lærar. Dei budde her då han var kommuneingeniør frå 1977 til 1979. Så flytta dei til Solund i Sogn. Frå 1982 til 1988 budde dei i Siljan i Telemark, der han var teknisk sjef. Frå 1988 har dei budd i Fusa, der han òg var teknisk sjef.

4. Merete Husa f. 1969 Husøyna (gnr 168 bnr 259-1e), kontormedarbeidar Buksér og Berging, g. 1990 m. Geir Blomvågnes f. 1960 Øygarden, platearb., anleggsarbeidar. Skøyte her i 1992. Merete var dirigent for Fedje musikkorps frå 1994 til 1998.

Born: a. Christer André Blomvågnes f. 1985 (Meretes son med Ole Mjåtveit frå Tertnes i Åsane, Bergen f. 1964, busett der, jf Åsaneb. IV s 437). Christer, murmeister, samb. 2006 m. Gunhild Jacobsen f. 1985 Børselv i Porsanger, Finnmark, pedagogisk leiar, bustad Samnanger.  b. Daniel Blomvågnes f. 1990, teamleiar Omexom Norge, g. 2015 m. Sarah Breidvik f. 1990 Oslo, lærar, bustad Nittedal. c. Glenn-Michael Blomvågnes f. 1992, tømrar/stillasbyggar, bustad Manger på Radøy i Alver kommune. d. Elise Blomvågnes f. 2001, bustad Oslo.


Fedje komm.svg Austbø (Fedje gnr 168 bnr 264) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vårheim (Fedje gnr 168 bnr 259) • Neste bolk: Sjøtun (Fedje gnr 168 bnr 265)