Bakkeli (Fedje gnr 168 bnr 205)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakkeli
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 205
Adresse: Husøyna 4

Bakkeli er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 201 og gnr 168 bnr 210 i 1966 (bnr 201 vart frådelt gnr 168 bnr 6 i 1966). Kommunen sette opp utleigebustad her, i byrjinga rekna på lærarar. Det var då to husvære her.

2. Øivind Olsnes f. 1953 Vaksdal (sjå Vaksdalb. I s 595 og Kongestølen gnr 169 bnr 10-2), lærar, tiltakssjef frå 1985, g. 1974 m. Elin Petra Aadland f. 1952 Samnanger, lærar. Busette her frå 1978. Skøyte i 1985 frå Fedje kommune. Ekteskapet oppløyst, Øivind flytta 1995 til Vaksdal, leiar næringsselskap der. Sjå òg Moldøyna (gnr 170 bnr 70).

Born: a. Solfrid Aadland Olsnes f. 1978, adjunkt, samb.m. Petter Bødtker f. 1974 Eidsvåg i Åsane, Bergen, anleggsgartnar, busette der på Myrdal. b. Ole Jakop Aadland Olsnes f. 1979, siviløkonom, var samb.m. Carina Gunderstad f. 1983 Haugesund, bustad Laksevåg i Bergen, så samb. 2021 m. Kjerstin Birknes f. 1987 Byrknes i Gulen (jf Gulenb. III s 288), adjunkt, bustad Laksevåg. c. Øystein Aadland Olsnes f. 1982, bustad Laksevåg, sjå Sulo gnr 169 bnr 34-6.

Husvære i underetasjen

3. Johan Amleiv Vorren f. 1935 SandeSunnmøre d. 1992 var busett her då han var fiskerirettleiar frå 1975 til 1980. Kontorstaden for fiskerirettleiaren i Nordhordland var då på Fedje (seinare i Knarvik, Lindås med kontordagar på Fedje). Han flytta så til Bergen, sidan tilbake til Sande (jf Sandeb. II s 532).

Fedje komm.svg Bakkeli (Fedje gnr 168 bnr 205) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Haugeli (Fedje gnr 168 bnr 204) • Neste bolk: Austbø (Fedje gnr 168 bnr 208)