Kongestø (Fedje gnr 169 bnr 10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kongestø
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 10
Adresse: Mulevegen 166

Kongestø er eit bruk i Fedje kommune.

1. Ole Karlsen Nestang f. 1872 Træsneset (gnr 171 bnr 1-lg) d. 1963 g. 1896 m. Brita Rasmusd f. 1869 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15 g) d. 1940. Dei var søskenborn (fedrane var halvbrør). Dei sette opp eige hus her om lag 1897. Skøyte 1906 på tomta for 100 kr i 1906, utskild frå Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Dei hadde ikkje jord. Ole var fiskar.

Born: a. Elida Bergitte Olsd f. 1896 d. 1985 g. 1917 m. Bendik Jacobsen Bjerga f. 1886 Skjold, Vindafjord i Ryfylke d. 1970 (jf Skjoldb. II s 341), budde i Bergen, dotter aa. Olga Konstanse Johanne Jacobsen f. 1917 d. 2015, sjå Muren (gnr 168 bnr 71-1). b. Konrad Olsen f. 1898 d. 1974, neste eigar (2). c. Ragnhild Olsd Sulen f. 1900 d. 1987, ugift, budde i Oslo, arb. vaskeriet NSB. d. Olai Olsen f. 1902 d. 1989 g. 1928 m. Anna Rognaldsvåg f. 1902 Kinn, Flora i Sunnfjord d. 1986, bygde i Sulo gnr 169 bnr 41-1. e. Odina Malena Olsd f. 1904 d. 1981, reiste til USA i 1927, g. 1931 New York m. Nils Pedersen f. 1904 Mandal d. 1992 (emigrerte i 1923), bustad Brooklyn, New York. f. Berta Olsd f. 1906 d. 1908. g. Berta Olsd f. 1909 d. 9 md gl. h. Bertha Bergitta Olsd f. 1911 d. 1998 g. 1935 Oslo m. Johannes Anker Hammer f. 1899 Mo i Rana d. 1938, malar, budde i Oslo, ho reiste til New York, USA i 1949, var hushjelp, flytta sidan til Annapolis i Maryland. i. Ingvald Olai Olsen Sulen f. 1913 d. 2001, fiskar, var i marinen under krigen, g. 1944 Skottland m. Annie Maria (Nancy) Munro Brown f. 1928 Rathven, Skottland d. 1988, bustad Buckie, Skottland. j. Peder Olsen Sulen f. 1917 d. 1948 (tub.), fiskar, var i handelsflåten under krigen.

2. Konrad Olsen Nestang f. 1898 på dette bruket (lb) d. 1974 g. 1918 m. Hjørdis Konstanse Taule f. 1898 Dale, Vaksdal d. 1990 (dotter av Karoline Olsd f. 1870 d. 1954 og Johannes Taule f. 1866 d. 1933, sjå Vaksdalb. I s 593 og II s 378). Hjørdis var søskenbarn til far til Norman Olsnes, Kremmarholmen gnr 169 bnr 60, og til far til Øivind Olsnes, Husøyna gnr 168 bnr 205-2. Skøyte her i 1954. Huset vart renovert same året. Skøyte tilleggsareal bnr 73 (bygd naust her) frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2, gnr 169 bnr 15, gnr 169 bnr 16 og gnr 169 bnr 17 (felles utmark) i 1954. Same året vart huset påbygd. Konrad var fiskar. Hjørdis brukte Kongestøl som etternamn, slik som borna.

Born: a. Klara Kongestøl f. 1919 d. 1920. b. Olav John Kongestøl f. 1920 d. 2019 g. 1953 m. Magnhild Enes f. 1921 Kvinnherad, bustad Sulo gnr 169 bnr 41-3. c. Karstein Håkon Kongestøl f. 1922 d. 1931. d. Klara Bergitte Kongestøl f. 1924 d. 2024 g. 1948 m. Trygve Nilsen Moldøen f. 1922 (gnr 170 bnr 16-le) d. 1988, bygde på Svena (gnr 170 bnr 15). e. John Audun Kongestøl f. 1930 d. 2004 g. 1954 m. Anne Lise Mikkelsen f. 1931 Hesthaugen (gnr 169 bnr 75-la) d. 1984, busette der (2). f. Karsten Egil Kongestøl f. 1933 d. 2023, neste eigar (3). g. Hjørdis Konstanse Kongestøl f. 1935 d. 2024 g. 1957 m. Anders Albert Haugland f. 1935 Bøvågen, Radøy d. 1983, busette Alversund i Lindås, Alver kommune, hadde VVS-forretning i Knarvik (jf Radøyb. I s 720 og Alversundb. I s 281).

3. Karsten Kongestøl f. 1933 på dette bruket (2f) d. 2023, fiskar, medeigar M/S «Bruvåg», g. 1960 m. Magnhild Johanne Thorsen f. 1936 Bømlo (sjå Bømlob. II s 477), tannlegeassistent. Skøyte på bnr 10 i 1974, og på bnr 73 i 1991.

Born: a. Oddvar Kåre Kongestøl f. 1961, neste eigar (4). b. Helen Merete Kongestøl f. 1963, sjå Husøyna gnr 170 bnr 41-4. c. Torill Kongestøl f. 1965, hjelpepleiar, g. 1997 m. Paal Scheen Raaholt f. 1960 Oslo, driv databedrift, busette der. d. Dagfinn Kongestøl f. 1969 g. 1994 m Tove Hodneland f. 1963 Stavanger, bustad Sola. Sjå nedanfor og Træsneset gnr 172 bnr 187. e. Målfrid Karin Kongestøl f. 1973, industrimekanikar, g. 2014 m. Per Normann Grindheim f. 1967 Rubbestadneset på Bømlo, busette der.

4. Oddvar Kongestøl f. 1961 på dette bruket (3a), branningeniør, bustad Haugesund, flytta sidan hit og fekk skøyte i 2015. Samstundes fekk han skøyte på bnr 73 (naustet) saman med broren Dagfinn.


Fedje komm.svg Kongestø (Fedje gnr 169 bnr 10) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kongestølen (Fedje gnr 169 bnr 9) • Neste bolk: Nytun (Fedje gnr 169 bnr 36)